Magnhild Haalke | |
Fødenamn | Magnhild Camilla Kvaale |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. august 1885 Vikna |
Død |
18. oktober 1984 (99 år) |
Yrke | skribent, barnebokforfattar, romanforfattar |
Ektefelle | Hjalmar Haalke |
Magnhild Haalke (12. august 1885–8. oktober 1984) var ein norsk forfattar frå Vikna i Nord-Trøndelag.
Ho var fødd som Magnhild Camilla Kvaale, og var den nest eldste i ein syskenflokk på ti.[1] Mor hennar var Kaja Augusta Wiig (1863–1948). Faren Knut Kvaale (1852–1942) var gardbrukar, lærar og kyrkjesongar.[1]
Haalke utdanna seg som lærar. Ho verka i småskulen i over 30 år fram til ho tok avskjed i 1940.[2]
Magnhild Haalke vart gift med målaren Hjalmar Haalke i 1922.[1] Ho døydde i 1984, 99 år gammal.
Haalke debuterte 50 år gammal i 1935 med romanen Allis sønn. I denne romanen møter vi vesle Elling og mor hans, som begge strir fordi Elling er annleis enn andre born. Historia om han ender tragisk; han drep syster si. Denne tragedien til det uvanlege barnet er spesielt for Magnhild Haalke.
Ho er òg kjend for trilogien Grys saga, som omfattar Åkfestet (1936), Dagblinket (1937) og Rød haust (1941). Hovudpersonen her er ei einsam, ugift kvinne som på sett og vis har tapt sitt eige liv.
Haalke skreiv enno ein trilogi, Serinas hus (1955), Munter kvinne (1957) og Serinas vei (1962), novellesamlinga Sol og skygge (1971) og erindringsboka Mot nytt liv (1978).