Magnus Poulsson | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. juli 1881 Drammen kommune |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Far | Søren Anton Poulsson |
Magnus Poulsson på Commons |
Magnus Poulsson (fødd 14. juli 1881 i Drammen, død 18. mars 1958 i Asker)[1] var ein norsk arkitekt. Han er særleg kjend for Oslo Rådhus og Telegrafbygninga i Oslo, begge saman med Arnstein Arneberg. Andre kjende verk er DFDS-garden i Karl Johans gate 1 i Oslo, restauranten på Folkemuseet, Eysteinskyrkja og Bærum rådhus i Sandvika.[1]
Poulsson var utdanna under Herman Major Schirmer ved Den kongelege teiknekole i Kristiania og Kungliga Tekniska högskolan i Stockholm.[1]
Poulsson fekk Sundts premie i 1916 for ein villa i Frederik Stangs gate 16 i Oslo og Houens fonds diplom i 1925 og 1930 for respektive DFDS-garden og Bærum rådhus. Han mottok St. Olavs Orden i 1950.[1]