Martha Stettler | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 25. september 1870 Bern |
Død |
16. desember 1945 (75 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | portrett, landskapsmåleri |
Medlem av | Académie de la Grande Chaumière |
Far | Eugen Stettler |
Martha Stettler på Commons |
Adelheid Fanny Martha Stettler (25. september 1870–16. desember 1945) var ein sveitsisk målar og gravør.[1] Ho var med på å skipa kunstskulen Académie de la Grande Chaumière, og var medstyrar av skulen frå 1909 til 1945.
Martha Stettler var fødd i Bern. Far hennar, Eugen Stettler, var ein arkitekt som gav henne ei tidleg innføring i teikning.[2] I 1893, etter å ha studert kunst i Bern og Genève, drog ho til Paris, der ho studerte ved Académie Julian. Ho hadde Luc-Olivier Merson som lærar frå 1893 til 1898 og Lucien Simon i 1899.[3]
Académie de la Grande Chaumière, som Stettler var med på å skipa i 1904, hadde opphav i ei gruppe kunststudentar. Lucien Simon, Antoine Bourdelle og Émile-René Ménard var nokre tidlege lærarar ved skulen. Stettler og Alice Dannenberg leia skulen frå 1909 til 1945.[4]
Stettler byrja å stilla ut ved Parissalongen i 1897. Ho stilte også ut ved Salon des Indépendants, Salon des Tuileries ogthe salongen til Société Nationale des Beaux-Arts.[1] Ho vann ein medalje for verk stilt ut ved verdsutstillinga i Brussel i 1910, og bidrog med eit måleri til den sveitsiske paviljongen ved Venezia-biennalen i 1920.[3]
Stettler måla mellom anna fleire utandørsscener av leikande barn i Jardin du Luxembourg og Jardin des Tuileries, i tillegg til interiørbilde, stilleben, landskap, portrett og dyrestudiar. Etter 1920 flytta ho til den parisiske forstaden Fontenay-aux-Roses, og produserte mindre kunst. Stettler døydde 16. desember 1945 i Châtillon i Hauts-de-Seine nær Paris. I 1946 heldt Kunsthalle Bern ei minneutstilling av arbeidet hennar. Stettler sine verk finst ved Kunstmuseum Winterthur, Kunstmuseum Bern, the Musée d'Art et d'Histoire i Genève , Musée du Luxembourg i Paris og Galleria Nazionale d'Arte Moderna i Roma.[4]