Mary Jane's Last Dance av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Greatest Hits | ||
Utgjeve | 16. november 1993 | |
Innspelt | 22. juli 1993 | |
Sjanger | Heartland rock, bluesrock, southern rock, hard rock | |
Lengd | 4:35 | |
Selskap | MCA | |
Låtskrivar(ar) | Tom Petty | |
---|---|---|
Produsent | Rick Rubin, Tom Petty, Mike Campbell | |
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
«Into the Great Wide Open» (1992) |
Mary Jane's Last Dance | «Something in the Air» (1993)
|
«Mary Jane's Last Dance» er ein song skriven av Tom Petty og spelt inn av det amerikanske rockebandet Tom Petty and the Heartbreakers. Han vart spelt inn 22. juli 1993, medan Petty spelte inn soloalbumet Wildflowers, og vart produsert av Rick Rubin, gitaristen Mike Campbell og Petty sjølv.[1] Innspelinga vart den siste med trommeslagaren Stan Lynch, før han slutta i 1994. Songen vart gjeven ut på Greatest Hits i 1993.[2] Singelen nådde 14. plassen på Billboard Hot 100, og vart den første topp 20-hitten hans i USA i 1990-åra,[3] og songen toppa Billboard Album Rock Tracks-lista i to veker.[4]
Musikkvideoen, som vann MTV sin pris for beste mannlege video i 1994, syner Petty som ein likhusassistent som tar med seg ei død kvinne heim (spelt av Kim Basinger) for ein middagsdate. Ein scene i videoen der den døde kvinna har på seg ein bryllaupskjole i eit rom fullt av vokslys, er laust basert på ein passasje i Charles Dickens-romanen Great Expectations.
Liste (1993-1994) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Album Rock Tracks | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 14 |
Kanadiske RPM Top Singles | 5 |
Nederland | 26 |
Tyskland | 63 |
UK Singles Chart | 52 |
End of year chart (1994) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100[5] | 77 |