Melodi Grand Prix 2024 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Delfinale 1 | 13. januar 2023 | |||
Delfinale 2 | 20. januar 2023 | |||
Delfinale 3 | 27. januar 2023 | |||
Finale | 3. februar 2024 | |||
Vertskap | ||||
Delfinale 1 | Studio 1 og 2 på NRK Marienlyst | |||
Delfinale 2 | Studio 1 og 2 på NRK Marienlyst | |||
Delfinale 3 | Studio 1 og 2 på NRK Marienlyst | |||
Finale | Trondheim Spektrum | |||
Programleiarar | Marion Ravn Fredrik Solvang | |||
Kringkastar | Norsk rikskringkasting | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarar | 18 | |||
Vinnar | ||||
Song | «Ulveham» | |||
Artist | Gåte | |||
Resultat i Eurovision Song Contest 2024 | ||||
Noreg i Eurovision Song Contest | ||||
|
Melodi Grand Prix 2024 var den 62. utgåva av Melodi Grand Prix, den norske nasjonale uttakinga til Eurovision Song Contest. Vinnaren av Melodi Grand Prix får representere Noreg i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Melodi Grand Prix 2024 blei arrangert av NRK og bestod av tre delfinalar i Oslo i januar 2024 og ein finale i Trondheim laurdag 3. februar 2024. Til saman deltok 18 songar, fordelte på seks songar i kvar delfinale. Frå kvar delfinale røysta sjåarane fram tre bidrag til finalen. I finalen deltok dimed ni bidrag.
Delfinalane blei arrangerte i Studio 1 og 2 på NRK Marienlyst i Oslo, laurdag 13., 20. og 27. januar, mens finalen blir sendt direkte frå Trondheim Spektrum. Programleiarar for sendingane var artist Marion Ravn og programleiar og journalist Fredrik Solvang.
Fire veker etter Eurovision Song Contest 2023 opna NRK for innsending av bidrag til Melodi Grand Prix 2024.[1] Innsendinga opna 9. juni, med frist for å sende inn bidrag 31. august 2023. Nytt av året er at låtane kan bli gjevne ut allereie frå 1. september 2023. Tidlegare har kravet vore at innsende bidrag ikkje kunne bli gjevne ut før NRK bestemte det.[2] Målet med regelendringa er å skape eit «større mulighetsvindu for flere gode låter og artister til MGP», ifølgje NRK. Datoregelen er også i tråd med regelverket til EBU for Eurovision Song Contest.[1][3]
Tevlinga var open for alle låtskrivarar, men kvar låtskrivar, produsent eller artist kunne maksimalt sende inn tre låtar. Dei innsende bidraga burde også ha minst ein norsk bidragsytar for å «prioritere og fremme norsk musikkliv». I tillegg til den opne tevlinga ser tevlingsredaksjonen også etter potensielle bidrag gjennom målretta søk og direkte dialog med den norske musikkbransjen. NRK har også direkteinvitert komponistar og artistar til å delta.[1] Det har også blitt haldne eigne låtskrivarsamlingar der målet har vore å produsere låtar til Melodi Grand Prix.[4]
Juryen til NRK valde ut deltakarlåtane hausten 2023. Til saman deltar 18 låtar i Melodi Grand Prix 2024, fordelte på seks låtar i kvar delfinale. Deltakande artistar og låtar blir offentleggjorde 5. januar 2024,[1][5] men låtane kunne bli gjevne ut frå 1. september 2023.
Dansar og koreograf Mona Berntsen er tilsett som sceneregissør for Melodi Grand Prix. Ho tek over etter Mattias Carlsson, som har hatt denne jobben sidan 2008.[6]
Melodi Grand Prix 2024 blei arrangert av NRK i januar og februar 2024 og blei overført på NRK1 og NRK TV. I likskap med fjoråret bestod Melodi Grand Prix 2024 av tre delfinalar i forkant av den store finalen. Delfinalane blei arrangerte høvesvis laurdag 13., 20. og 27. januar 2024. I kvar delfinale deltok seks låtar, og sjåarane røysta fram tre av dei til finalen laurdag 3. februar 2024.[5] Til saman blei det ni bidrag i finalen.[7]
Delfinalane blei sende høvesvis laurdag 13., 20. og 27. januar 2023 direkte frå Studio 1 og Studio 2 på NRK Marienlyst i Oslo.[7] Tidlegare hadde delfinalane blitt arrangerte utanfor hovudkvarteret til NRK, og NRK grunna flyttinga med at dei ønskte å ta «konkurransen tilbake til røttene».[7] Blant anna viste NRK til at den fyrste finalen i 1960 fann stad i lokale deira på Marienlyst i Oslo. «Historiene og musikken sitter i veggene i Studio 1 og Studio 2», uttalte musikkansvarleg Stig Karlsen i november 2023.[7] Men finalen i 1960 fann stad i Store Studio, og Studio 1 og 2 eksisterte ikkje før i 1969, då Fjernsynshuset stod ferdig.
Sending | Dato | Arena | Tal på bidrag |
---|---|---|---|
Delfinale 1 | 13. januar 2024 | Studio 1 og 2, | 6 |
Delfinale 2 | 20. januar 2024 | 6 | |
Delfinale 3 | 27. januar 2024 | 6 | |
Finale | 3. februar 2024 | Trondheim Spektrum | 9 |
Dei fire sendingane blei leia av artisten Marion Ravn og journalisten Fredrik Solvang.[8] Begge debuterer som programleiarar for Melodi Grand Prix.
Oversikt over deltakarane i Melodi Grand Prix 2024, lista i alfabetisk rekkjefølgje etter fornamn eller artistnamn:[9]
Artist | Tittel | Låtskrivarar |
---|---|---|
Annprincess | «Save Me» | Annprincess Johnson |
Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo | «Judge Tenderly of Me» | Dag Erik Oksvold, Alexander Pettersen og Anne Fagermo |
Eli Kristin | «Touch of Venus» | Ronny Graff Janssen og Eli Kristin Hanssveen |
Farida | «Heartache» | Farida Louise Bolseth Benounis, Kristian Wiik, Ilja Eriksson og Olav Tokerud |
Fredrik Halland | «Stranded» | Fredrik Halland, Jenson Vaughan og Ruthy Raba |
Gothminister | «We Come Alive» | Bjørn Alexander Brem |
Gåte | «Ulveham» | Sveinung Eklo Sundli, Ronny Graff Janssen, Marit Jensen Lillebuen, Gunnhild Sundli, Magnus Børmark og Jon Even Schärer |
Ingrid Jasmin | «Eya» | Ingrid Jasmin Vogt og Jonas Kroon |
KEiiNO | «Damdiggida» | Alexandra Rotan, Fred Buljo, Tom Hugo Hermansen, Alexander N. Olsson og Jakob Redtzer |
Margaret Berger | «Oblivion» | Margaret Berger, Anders Kjær, Monica Engeseth og Sivert Hjeltnes Hagtvedt |
Mathilde SPZ med Chris Archer og Slam Dunk | «Woman Show» | Audun Agnar Guldbrandsen, Silje Montsko Blandkjenn, Emmy Kristine Guttulsrud Kristiansen, Linda Dale, Christopher Colin Archer og Mathilde Espeseth |
Miia | «Green Lights» | Benjamin Dan Ravn Fahre, Mia Virik Kristensen, Mugoshi David Nhonzi, Emelie Hollow og Ida Botten |
Mileo | «You're Mine» | Miles Curtis Sesselmann |
Mistra | «Waltz of Death» | Benedicte Adrian og Anders Odden |
Myra | «Heart on Fire» | David Atarodiyan, Svein Hermansen og Regina Tucker |
Super Rob og Erika Norwich | «My AI» | Lars Horn Lavik, Super Rob, Erika Norwich og Kristian Liljan |
Thomas Jenssen | «Take Me to Heaven» | Thomas Jenssen, Ricky Hanley, David Fremberg og Jonas Holteberg Jensen |
Vidar Villa | «Mer» | Vidar Mohaugen, Jonas Thomassen, Martin Thomassen og Mathias Nilsen |
Delfinalen blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 13. januar 2024 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.
Startnr. | Artist[10] | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
1 | Mathilde SPZ med Chris Archer og Slam Dunk | «Woman Show» | Eliminert |
2 | Fredrik Halland | «Stranded» | Eliminert |
3 | Myra | «Heart on Fire» | Eliminert |
4 | Gothminister | «We Come Alive» | Til finalen |
5 | Ingrid Jasmin | «Eya» | Til finalen |
6 | Margaret Berger | «Oblivion» | Til finalen |
Delfinalen blei arrangert på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 20. januar 2024 klokken 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.
Startnr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
1 | Farida | «Heartache» | Ute |
2 | Mileo | «You're Mine» | Ute |
3 | Eli Kristin | «Touch of Venus» | Ute |
4 | Super Rob og Erika Norwich | «My AI» | Til finale |
5 | Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo | «Judge Tenderly of Me» | Til finale |
6 | Gåte | «Ulveham» | Til finale |
Delfinalen ble arrangert på NRK Marienlyst i Oslo laurdag 27. januar 2024 klokka 19.50–21.10. Sjåarane røysta fram tre av låtane til finalen.
Startnr. | Artist | Tittel | Resultat |
---|---|---|---|
1 | Vidar Villa | «Mer» | Ute |
2 | Mistra | «Waltz of Death» | Ute |
3 | Thomas Jenssen | «Take Me to Heaven» | Ute |
4 | Annprincess | «Save Me» | Til finale |
5 | Miia | «Green Lights» | Til finale |
6 | KEiiNO | «Damdiggida» | Til finale |
Delfinalen blei arrangert i Trondheim Spektrum i Trondheim laurdag 3. februar 2024.
Startnr. | Artist | Song | Poeng | Plass | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Jury | Folket | Totalt | ||||
1 | KEiiNO | «Damdiggida» | 98 | 146 | 244 | 2 |
2 | Annprincess | «Save Me» | 16 | 17 | 33 | 9 |
3 | Gothminister | «We Come Alive» | 35 | 80 | 115 | 4 |
4 | Ingrid Jasmin | «Eya» | 22 | 20 | 42 | 8 |
5 | Miia | «Green Lights» | 54 | 22 | 76 | 6 |
6 | Margaret Berger | «Oblivion» | 26 | 19 | 45 | 7 |
7 | Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo | «Judge Tenderly of Me» | 58 | 47 | 105 | 5 |
8 | Gåte | «Ulveham» | 76 | 174 | 250 | 1 |
9 | Super Rob og Erika Norwich | «My AI» | 45 | 120 | 165 | 3 |
Resultatet i finalen blei avgjort av røystene frå sjåarane og lyttarane, saman med røystene frå eit utval internasjonale fagjurygrupper. Røystene frå folket talde 60 prosent, mens poenga frå dei internasjonale jurygruppene talde 40 prosent.[11] Avrøystinga blei lesne opp på same måte som i Eurovision Song Contest. Fyrst las jurygryppene opp poenga sine, jury for jury. Til slutt blei poenga frå folkeavrøystinga avslørte i stigande rekkefølgje ut frå juryavrøystinga. Lista over personane som sat i fagjury-gruppene blir offentleggjord etter finalen.[11]
Startnr. | Song | Internasjonale fagjurygrupper | Folke- poeng |
Sum | Plass | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | «Damdiggida» | 6 | 8 | 12 | 12 | 12 | 10 | 12 | 12 | 6 | 8 | 146 | 244 | 2 |
2 | «Save Me» | 2 | 2 | 1 | 2 | 2 | 6 | 1 | 17 | 33 | 9 | |||
3 | «We Come Alive» | 6 | 6 | 6 | 1 | 4 | 12 | 80 | 115 | 4 | ||||
4 | «Eya» | 6 | 6 | 2 | 6 | 2 | 20 | 42 | 8 | |||||
5 | «Green Lights» | 8 | 12 | 4 | 4 | 10 | 4 | 8 | 4 | 22 | 76 | 6 | ||
6 | «Oblivion» | 1 | 1 | 1 | 2 | 1 | 8 | 8 | 2 | 2 | 19 | 45 | 7 | |
7 | «Judge Tenderly of Me» | 12 | 2 | 8 | 4 | 12 | 1 | 8 | 10 | 1 | 47 | 105 | 5 | |
8 | «Ulveham» | 4 | 10 | 10 | 10 | 10 | 10 | 12 | 10 | 174 | 250 | 1 | ||
9 | «My AI» | 10 | 4 | 8 | 4 | 8 | 4 | 1 | 120 | 165 | 3 | |||
Talspersonar for jurygruppene[11] | ||||||||||||||
|
|tittel=
at position 13 (hjelp)