Mike de Albuquerque

Mike de Albuquerque
Fødd24. juni 1947 (77 år)
FødestadLondon
FødenamnMichael de Albuquerque
OpphavStorbritannia
SjangerRock, progressiv rock
Instrumentbassgitar, gitar, vokal
Tilknytte artistarElectric Light Orchestra
Fiolinski
Sundance
PlateselskapHarvest Records
Verka somMusikar

Mike de Albuquerque (fødd 24. juni 1947) er ein engelsk musikar.

I 1971 gav han ut albumet First Wind i lag med Frank Ricotti på perkusjon (som «Ricotti and Albuquerque»). Frå 1972 til 1974 spelte Albuquerque bass for Electric Light Orchestra. Han slutta i bandet fordi bandet gjorde at han var for mykje borte frå familien heime. Han drog under innspelinga av det fjerde albumet til bandet, Eldorado, og vart erstatta av bassisten Kelly Groucutt. Han gav ut to soloalbum, We May Be Cattle But We've All Got Names (1973) og Stalking The Sleeper (1976). Han spelte òg gitar og song med Mik Kaminski i Violinski.[1] For ELO bidrog han på ELO 2, On the Third Day, The Night the Light Went On in Long Beach og noko av Eldorado.

I 1982 danna han bandet Sundance i lag med Mike Hurst og Mary Hopkin. Dei gav ut eitt album.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • First Wind, (Ricotti & Albuquerque), (with Frank Ricotti), 1971, Pegasus – PEG 2
  • We May Be Cattle But We've All Got Names, 1973, RCA Victor – SF 8383
  • Stalking The Sleeper, 1976 Warner Bros. - K56276

Med Sundance