Milt Holland

Milt Holland
Fødd7. februar 1917(1917-02-07)
FødestadChicago i USA
Død4. november 2005 (88 år)
DødsstadLos Angeles i USA
FødenamnMilton Olshansky
OpphavUSA
SjangerJazz
InstrumentTrommer, perkusjon
Verka somMusikar

Milton «Milt» Holland (fødd 7. februar 1917 som Milton Olshansky, daud 4. november 2005) var ein USA-amerikansk trommeslagar, perkusjonist, folkemusikkforskar og forfattar i musikkmiljøet i Los Angeles. Han var ein pioner innan bruk av afrikanske, søramerikanske og indiske perkusjonsinstrument i jazz, pop og filmmusikk og reiste mykje i desse områda for å samle instrument og lære seg å spele på dei.

Holland var fødd Milton Olshansky i Chicago i Illinois, der han gjekk på Theodore Roosevelt High School. Det første instrumentet hans var fiolin. Milt hadde ein lidenskap for perkusjon og spelte i klubbar og på show i Chicago. Då han var tolv år gammal spelte han ved ulovlege brennevinsutsal for folk som Al Capone.

Tidleg i 1940-råra turnerte Holland og splete inn musikk med The Raymond Scott Orchestra.

Han studerte tabla ved UCLA og med Ramnad Easwaran. I India studerte Holland med tablameisteren Chatur Lal frå og med 1963. Han reiste mykje i India i 1960- og 1970-åra, og var mange år i Afrika der han studerte rytmane til forskjellige folk der. Han var blant dei første om introduserte desse instrumenta i vestleg musikk.

Etter å ha flytta til Los Angeles i 1946 spelte han på mange jazz- og popalbum, film- og TV-musikk. Eit utval av artistane han spelte med var Frank Sinatra, Bing Crosby, The Beatles, The Rolling Stones, Chaka Khan, John Williams, Leonard Bernstein, Elmer Bernstein, Quincy Jones, Nat King Cole, Henry Mancini, Loggins and Messina, James Taylor, Ella Fitzgerald, Laurindo Almeida, Ry Cooder og Joni Mitchell. Han spelte pandeiro og triangel på Mitchell-hitten «Big Yellow Taxi» og conga og perkusjon på «Light My Fire» med José Feliciano.

Som ein del av «The Wrecking Crew», vann Holland mange gull- og platinaplater for bidraga sine.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann

[endre | endre wikiteksten]

Med Gregg Allman

Med Laurindo Almeida

  • Ole! Bossa Nova (1962)
  • Brazil & Beyond (1981)
  • Brazilian Soul (1981)
  • Acapulco '22

Med Hoyt Axton

  • Less Than The Song (2007)
  • Life Machine (2007)

Med Joan Baez

Med Burt Bacharach

  • Blue Note Plays Burt Bacharach (1968)

Med Louis Bellson

Med Elmer Bernstein

Med Elvin Bishop

  • Rock My Soul (1972)

Med Bonaroo (band)

  • Bonaroo (Wounded Bird)

Med Charlie Byrd

  • Best Of The Concord Years (2000)

Med Captain Beefheart

Med Buddy Childers

  • Sam Songs (1955)

Med Stanley Clarke

Med Rosemary Clooney

Med Joe Cocker

Med Ray Conniff

  • Friendly Persuasion (1965)

Med Ry Cooder

Med Rita Coolidge

Med Bing Crosby

Med Jackie Davis

  • Hammond Goes Cha-Cha (Album -1959)

Med Buddy DeFranco

  • I Hear Benny Goodman and Artie Shaw
  • Wholly Cats

Med Doug Dillard

  • Banjo Album (1969)

Med Doobie Brothers

Med Percy Faith

  • Black Magic Woman (1971)

Med Victor Feldman

  • Secret Of The Andes (1982)

Med Jose Feliciano

Med The 5th Dimension

  • Age of Aquarius (1969)
  • Individually & Collectively (1972)
  • Living Together Growing Together (1973)

Med Jerry Fielding

  • Jerry Fielding and his Orchestra (1953)

Med Ella Fitzgerald

Med Four Freshmen

  • Voices In Latin (1958)
  • The Freshman Year (1958)

Med Jackie Gleason

  • The Now Sound For Today's Lovers (1969)

Med Graham Central Station

Med Arlo Guthrie

Med Dirk Hamilton

  • You Can Sing on the Left or Bark on the Right

Med Richard Harris

Med Joni James

  • Like Three O'Clock In The Morning (1963)
  • After Hours (1963)

Med Pete Jolly

Med Claudia Lennear

  • Phew (1973)

Med Little Feat

Med Kenny Loggins

Med Loggins & Messina

Med Henry Mancini

  • The Latin Sound Of Henry Mancini (1965)
  • Mancini '67 (1966)
  • Mancini Salutes Sousa (1972)

Med Johnny Mandel

Med Herbie Mann

Med Melanie

Med Joni Mitchell

Med The Monkees

Med Randy Newman

Med Harry Nilsson

Med Anita O'Day

Med Gabby Pahinui

  • Best Of The Gabby Band (1971–1979)

Med Van Dyke Parks

Med Oscar Peterson

  • Oscar Peterson and Friends (1952)

Med Poco

  • The Best of Poco (2000)

Med Dean Martin

  • Young Dino (2006)

Med Ray Peterson

Med Bill Plummer

  • Cosmic Brotherhood (1968)

Med Bonnie Raitt

Med Rufus med Chaka Khan

Med Sanford & Townsend

  • Duo-Glide

Med Lalo Schifrin

Med Seals & Crofts

Med John Sebastian

  • Tarzana Kid

Med Bud Shank

Med Ravi Shankar

  • Charly: Original Soundtrack Recording (1968)

Med Carly Simon

Med Frank Sinatra

Med Nancy Sinatra

  • Cherry Smiles: The Rare Singles (2009)

Med Phil Spector

Med Ringo Starr

Med Barbra Streisand

Med James Taylor

Med Bill Thomson

  • Fantabulous (1957)

Med Cal Tjader

Med Various Artists

  • Samba do Avião
  • A Jazz Tribute to Antonio Carlos Jobim

Med Nancy Wilson

Med Paul Winter

  • Icarus (1972)


Filmmusikk

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]