«Miss You» Song av Jérémie Makiese | ||
![]() | ||
Land | Belgia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 10. mars 2022 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:54 | |
Selskap | Universal Music Belgium | |
Låtskrivar(ar) | Jérémie Makiese, Mike BGRZ, Manon Romiti, Paul Ivory, Silvio Lisbonne |
---|
«Miss You» (norsk omsetjing 'saknar deg') er ein popsong som vert framført av den belgiske songaren Jérémie Makiese. Songen blei gjeven ut 10. mars 2022 og var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
«Miss You» er komponert av Makiese sjølv, saman med Mike BGRZ, Manon Romiti, Paul Ivory og Silvio Lisbonne. Saman med artisten vart songen vald ut internt av kringkastaren Radio-télévision belge de la Communauté française (RTBF) til å representere Belgia i Eurovision Song Contest 2022. Artistkunngjeringa vart gjort 15. september 2021, mens «Miss You» fyrst vart kunngjort i mars 2022.[1]
«Miss You» hadde premiere 10. mars 2022 på det belgiske radioprogrammet Le 8/9, før musikkvideoen vart vist på tv-kanalen La Une like etter.[2] Seinare same dag vart songen og musikkvideoen slopne på YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest.[3]
«Miss You» startar som ein Bond-aktig ballade, før han går over til å bli ein R&B-låt med soulundertonar, blant anna med bruk av eit gospelkor i siste refreng.[2]
«Miss You» deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2022 torsdag 12. mai. Der vart han nummer 8 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai 2022.[4] I finalen enda låten som nummer 19 av 25 bidrag med 64 poeng.[5][6]
Liste (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
![]() |
1 |
![]() |
3 |
![]() |
30 |
![]() |
17 |
![]() |
11 |
![]() |
12 |