Mokorotlo er ein type stråhatt brukt i den tradisjonelle klesdrakta til sothofolk frå Sør-Afrika og Lesotho. Han er eit nasjonalsymbol for desse, og er avbilda på det lesothiske flagget. Utforminga av hatten skal ha vore inspirert av forma til fjellet Mount Qiloane.[1][2]