Mona Fagerås | |||
| |||
Fødd | 9. januar 1972 (53 år) Harstad kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Mona Lill Fagerås (fødd 9. januar 1972) er ein norsk lærar og politikar frå Buksnes i Vestvågøy. Ho var 2015-17 fylkesråd for næring i Nordland, og er sidan 2017 stortingsrepresentant frå Nordland for Sosialistisk Venstreparti.
Fagerås er utdanna lærar ved Høgskolen i Tromsø og studerte sosiologi ved Universitetet i Tromsø. Frå 1996 underviste ho på ulike skular, var ei tid rektor ved Buksnes og Opdøl skole.[1]
Fagerås var kommunestyremedlem i Vestvågøy frå 2003, frå 2011 med sete i formannskapet.[1] Etter fylkestingsvalet 2015 tok Fagerås over som Nordlands fylkesråd for næring og regional utvikling,[2] ein posisjon ho hadde til hausten 2017. Ved stortingsvalet 2017 var ho SV sin fyrstekandidat i Nordland, og fekk plass på Tinget med utjamningmandat. Ho vart attvald til stortinget 2021-25. Perioden 2017-21 var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen.