Moody Blue Studioalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1977 | |
Innspelt | 2. og 4. februar 1976; 29. og 31. oktober 1976; 24. og 26. april 1977 | |
Sjanger | Countrypop, softrock | |
Lengd | 31:35 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Felton Jarvis | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Welcome to My World (1977) |
Moody Blue | Elvis in Concert (1977)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
MusicHound | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Rough Guides | [4] |
Moody Blue er det siste studioalbumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Records månaden før han døydde i august 1977.
Albumet var ei blanding av konsert- og studioopptak, og inneheldt fire songar frå den siste innspelinga til Presley i oktober 1976, og to songar som var til overs etter den førre innspelinga i Graceland i februar 1976. «Moody Blue» var ein tidlegare utgjeven hit spelt inn på den første Graceland-innspelinga, og halden attende for dette albumet. På innspelinga i februar spelte han òg inn «She Thinks I Still Care». «Way Down» vart ein hit etter Presley døydde, mindre enn ein månad etter albumet kom ut.
Som skildra i Elvis: The Illustrated Record, klarte RCA å setje saman nok studioopptak for å gje ut eit heilt album, og alle opptaka utanom dei to songane frå Presley-innspelinga i 1976 var alt brukt på det førre albumet, From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee eller gjevne ut som singlar. Selskapet valde å fylle ut albumet med tre konsertopptak frå Ann Arbor i Michigan frå 24. og 26. april 1977, som vart kraftig overdubba for albumet, og som vart dei to siste innspelingane Elvis nokon gong gjorde. Ein av desse var ein versjon av «Unchained Melody», der han akkompagnerte seg sjølv på piano. RCA og produsenten Felton Jarvis hadde booka eit platestudio i Nashville for januar 1977, for å spele inn nokre nye songar for albumet. Presley hadde valt eit par songar å spele inn med hjelp av Jarvis, stort sett livlege countrysongar. Presley møtte aldri opp til innspelinga, og hevda han var sjuk og derfor måtte vere heime (ei unnskulding Presley hadde brukt ganske ofte i 1960-åra for å unngå og spele inn dårlege songar for filmane hans). Jarvis og RCA hadde ikkje anna val enn å fylle ut albumet med konsertopptak, som nemnd over. Blant konsertopptaka var òg «Let Me Be There», som alt vart gjeven ut tre år tidlegare på albumet Elvis: As Recorded Live on Stage in Memphis, sjølv om RCA hadde tilgang til eit tidlegare ikkje utgjeve konsertopptak av «Softly, As I Leave You», som i staden vart gjeven ut som B-side til «Unchained Melody».
Songen «Moody Blue» vart gjeven ut på singel i desember 1976 og nådde toppen av Billboard-countrylista og 31. plassen på poplista. «Way Down» var den neste singelen frå albumet og kom ut tidleg på sommaren 1977. Han selde ikkje særleg godt, men klatra raskt til 18. plassen då Presley døydde i august (og gjekk heilt til topps i Storbritannia). Han vart ein større hit på countrylista, der han gjekk til topps same veka som Presley døydde. Albumet klatra til tredjeplassen på albumlista då Presleøy døydde, men hadde alt vore innom Topp 40 før den tid. Dette vart det siste albumet til Presley som gjekk inn på Topp 40. Moody Blue gjekk òg til topps på countrylista.
RCA trykte albumet på blå vinyl for å matche tittelsporet. Sidan farga vinyl var ganske uvanleg på den tida, og nesten aldri skjedde for støre utgjevingar, har dette ofte ført til at eksemplar på blå vinyl var sjeldne, medan dei sjeldne utgåvene faktisk er versjonane i vanleg svart vinyl, som vart trykt før Presley døydde.
Etter Presley døydde vart «Unchained Melody» òg gjeven ut på singel, og han nådde sjetteplassen på countrylista. Denne versjonen var ikkje den same som albumversjonen. Singelen innheldt ein overdubba versjon av eit opptak frå Rapid City, 21. juni 1977.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Unchained Melody» (konsertopptak) | Alex North, Hy Zaret | 24. april 1977 | 2:32 |
2. | «If You Love Me (Let Me Know)» (konsertopptak) | John Rostill | 26. april 1977 | 2:57 |
3. | «Little Darlin'» (konsertopptak) | Maurice Williams | 24. april 1977 | 1:52 |
4. | «He'll Have to Go» (innspelt i Graceland) | Joe Allison, Audrey Allison | 31. oktober 1976 | 4:28 |
5. | «Let Me Be There» (frå albumet, Elvis Recorded Live on Stage in Memphis) | John Rostill | 20. mars 1974 | 3:26 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Way Down» (innspelt i Graceland) | Layng Martine jr. | 29. oktober 1976 | 2:37 |
2. | «Pledging My Love» (innspelt i Graceland) | Don Robey, Ferdinand Washington | 29. oktober 1976 | 2:50 |
3. | «Moody Blue» (innspelt i Graceland) | Mark James | 4. februar 1976 | 2:49 |
4. | «She Thinks I Still Care» (innspelt i Graceland) | Dickey Lee, Steve Duffy | 2. februar 1976 | 3:49 |
5. | «It's Easy for You» (innspelt i Graceland) | Andrew Lloyd Webber, Tim Rice | 29. oktober 1976 | 3:26 |
|
|
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Top Country Albums | 1 |
U.S. Billboard 200 | 3 |
Canada RPM Top Albums | 2 |
Austerriken Alben Top 75 | 20 |
Nederlandsk Albums Chart[6] | 3 |
New Zealand Top Albums Chart | 1 |
Noreg Albums Top 40 Chart | 3 |
Sverige Top 60 Albums | 2 |
Region | Organisasjon | Salstrofé |
---|---|---|
USA | RIAA | 2x platina [7] |
Canada | CRIA | 2x platina [7] |