Morten Borgersen | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. oktober 1950 (74 år) i Skien |
Yrke | Instruktør, skodespelar, forfattar |
Periode | 2012- |
Debut | Jeg arvet en mørk skog |
Morten Borgersen (fødd 12. oktober 1950 i Skien) er ein norsk skodespelar, instruktør og forfattar, utdanna ved Statens Teaterhøgskole. Han debuterte som skodespelar i 1970. Sidan den gong har han vore skodespelar ved Rogaland Teater, Trøndelag Teater, Riksteateret, Den Nationale Scene, Oslo Nye Teater, Thalia og TV-teatret, og har elles hatt ymse roller i film og TV. Han var teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen frå 2001 til 2008. Tidlegare har han òg vore teatersjef ved Teatret Vårt og Teater Ibsen.
Borgersen debuterte som forfattar i 2012 med romanen Jeg arvet en mørk skog.[1]