«Move It» Singel av Cliff Richard and the Drifters | ||
B-side |
«Schoolboy Crush» | |
---|---|---|
Utgjeve | 29. august 1958 | |
Innspelt | 24. juli 1958, Abbey Road | |
Sjanger | Rock 'n' roll | |
Lengd | 2:23 | |
Selskap | Columbia 45-DB4178/78-DB4178 | |
Låtskrivar(ar) | Ian Samwell | |
Produsent | Norrie Paramor | |
Cliff Richard and the Drifters-kronologi | ||
«Move It» | «High Class Baby» (1958)
|
«Move It» er ein song av Cliff Richard and the Drifters (det britiske bandet som vart The Shadows). Opphavleg var songen meint som ei B-side til «Schoolboy Crush», og vart gjeven ut som debutsingelen til Richard den 29. august 1958. Singelen vart ein hit i Storbritannia og er ein av dei første autentiske rock and roll-songane som er skriven utanfor USA.[1][2]
«Schoolboy Crush» vart skriven av Aaron Schroeder og Sharon Gilbert, og hadde alt vore spelt i Amerika av Bobby Helms. Cliff Richard and the Drifters spelte inn si eiga utgåve som var meint som A-side på debutsingelen deira. Produsenten Jack Good høyrte så «Move It», og insisterte på at Richard måtte opptre på TV-showet hans, Oh Boy!, der han skulle få synge «Move It». Den planlagde singelen vart snudd og klatra til andreplass på listene. Cliff Richard starta med det karrieren som skulle gje han britiske hittar i seks tiår på rad.[1]
Songen er skildra av Allmusic som «Presley-liknande» og av Richard sjølv som «min einaste eineståande rock 'n' roll-klassikar». «Move It» vart skriven på ein dobbeltdekkarbuss i London på veg til øving i heimen til Richard av Drifters-gitarist Ian «Sammy» Samwell.[3][4] Eit andre vers vart skriven av Samwell for Hank Marvin-albumet Hank plays Cliff i 1995, med Cliff Richard på vokal.
Cliff Richard and the Drifters:
Studiomusikarar:
Suzi Quatro spelte «Move It» på albumet Quatro frå 1974, medan Alvin Stardust gav han ut på singel året etter.