Music for Films III Studioalbum av Brian Eno | ||
Utgjeve | 1988 / 2005 | |
Sjanger | Ambient | |
Selskap | All Saints Records | |
Produsent | Brian Eno | |
Brian Eno-kronologi | ||
---|---|---|
More Blank Than Frank/Desert Island Selection (1986) |
Music for Films III | Textures (1989)
|
Music for Films III er det tredje albumet til Brian Eno i «Music for Films»-serien. Det inneheld musikkstykke av Brian Eno, Roger Eno, Michael Brook, Harold Budd og andre.
Det finst tre forskjellige versjonar av albumet. Vinyl- og kassettutgåva inneheld 15 spor, medan den originale CD-utgåva inneheld dei same songane i ei anna rekkefølgje. I 2005 vart ein oppdatert CD, med to nye spor, nytt omslag og ei ny rekkefølgje gjeven ut.
Forskjellige spor frå Music for Films III vart nytta i filmmusikken til Al Reinert-dokumentaren For All Mankind frå 1989.
2005-utgåva inneheld to nye songar, 'Shark 12' av Brian Eno og 'Slower and Slower' av Roger Eno.