Nils-Reinhardt Christensen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. april 1919 Skien kommune |
Død |
8. november 1990 (71 år) |
Yrke | filmregissør, skodespelar, manusforfattar, omsetjar, filmprodusent |
Nils-Reinhardt Christensen (fødd 13. april 1919 i Skien, daud 8. november 1990) var ein norsk teatermann, skodespelar og filmskapar. Han er blant anna kjent frå Stompa-serien, som han omsette og regisserte.
Christensen var instruktør ved Nationaltheatret (1940–47), der han òg var med i fleire oppsettingar (1946–47). Vidare var han ved Radioteateret og vart sjef ved Trøndelag Teater (1950–51). Han filmdebuterte 1957, og var formann i Norske Dramatikeres Forbund (1973–85).
Han er bror til pressemannen Christian A.R. Christensen.