Inngangen til Olje- og energidepartementet samt Nærings- og handelsdepartementet i Oslo Foto: Alejandro Decap
Nærings- og handelsdepartementet skulle skape rammevilkår som styrkjer konkurranseevna i næringslivet, legge til rette for lønsam næringsverksemd basert på ny teknologi, kunnskap og menneskelege ressursar, sikre størst mogleg innverknad i og inngrep med EU til beste for norsk verdiskaping samt stimulere til auka utviklingsaktivitet og auka omstillingsevne i bedriftene.
Eigarskapsavdelinga i Nærings- og handelsdepartementet forvaltar statens eigardelar i rundt 80 kommersielle selskap.
Departementet vart lagt ned frå 1. januar 2014 da det vart slått saman med det tidlegare
Fiskeri- og kystdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet .[ 1]
Nærings- og handelsdepartementet har røter tilbake til 1846 med Departementet for det Indre . Dagens struktur vart til frå 1. januar 1997 .
Tidlegare departement med ansvar for næringssaker:
Trond Giske (Arbeidarpartiet ) er frå 20. oktober 2009 statsråd og sjef for Nærings- og handelsdepartementet. Han blir støtta av tre Statssekretærar og ein politisk rådgjevar .
Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard - Statens sentrale fagetat for forvalting og utnytting av mineralressursar.
Brønnøysundregistra - Ansvarleg for ei rekke nasjonale kontroll- og registreringsordningar for næringslivet.
Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK ) - Det sentrale statlege organet for garanti-stilling og kredittforsikring av eksportkredittar.
Justervesenet - Ansvar for at Noreg har ein måleteknisk infrastruktur med nasjonal og internasjonal tillit.
Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) - Produserer kunnskap om berggrunn, mineralressursar, lausmasser og grunnvatn.
Norsk Akkreditering - Utfører teknisk akkreditering og inspeksjon i samsvar med OECD sitt regelverk om god laboratoriepraksis.
Norsk Romsenter (NRS ) - Skal bidra til å skape vekst for norsk høgteknologisk industri knytt til internasjonal romverksemd.
Patentstyret - Styret for det industrielle rettsvern. Skal hjelpe norsk næringsliv med å styrke verksemda sin gjennom kunnskap om industrielle rettar.
Sjøfartsdirektoratet - Har som overordna mål å oppnå høg sikkerheit for liv, helse, fartøy og miljø.
Skipsregistra - Bidrar til offentleg kontroll av registrerte skip og deira eigartilhøve.