Odd Brochmann var utdanna arkitekt frå Noregs tekniske høgskole (NTH) 1928–1934, og etablerte arkitektkontoret Karen & Odd Brochmann i Oslo i 1937, i lag med den fyrste konasi Karen, f. Berner. Dei dreiv praksis saman til 1965. I perioden 1939-1940 dreiv dei praksisen frå Bergen, elles heldt dei til i Oslo.[1] Eit av byggverka dei teikna saman var Raudekrossen sin «åndssvakeanstalt» for barn og ungdom (Bakkebøanstalten), på Bakkebø utanfor Egersund.[2] Eit anna verk var Lunde barneskule i Skien. Ein del av skuleanlegget, det såkalla S-bygget, har som det første skulebygget frå 1950-talet vorte freda av Riksantikvaren.[3] I 1952 innleidde dei eit samarbeid med arkitekten Dag Rognlien. Dei tre arkitektane dreiv praksisen saman til 1965, då overtok Rognlien firmaet åleine.[4] Arbeidet omfatta burettslag og sosiale institusjonar.
Under og etter andre verdskrigen deltok Odd Brochmann i Oslo Byes Vel sin store «boligundersøkelse», og var hovudansvarlag for utgjevinga av bøker basert på desse undersøkingane. Han var professor ved NTH 1956–57, og avvikla arkitektpraksisen sin midt på 1960-talet. Han busette seg deretter i København, der han verka som skribent (blant anna i Politiken 1964–66) og som lærar ved Kunstakademiets arkitektskole.
Brochmann laga nokre hefte med morskapslesning i 1930-åra, skreiv for studentrevyar, og illustrerte barnebøker av Heljar Mjøen og Einar Schibbye. Sjølv debuterte han med Barnas historiebok i 1942, som vart følgt opp av Et eventyr om Norge i tekst og tegninger i to bind (1943–44) der systera Zinken Hopp skreiv, og han teikna. Av forfattarskapen hans for barn er det i dag dei to bøkene tileigna dottera Marianne som vert hugsa: Mariannes brev (1946) og Marianne på sykehus (1948). Mariannes brev er historia om reisa til eit brev frå Marianne i Svolvær til Kristin i Trysil. Boka skildrar dermed postgangen i Noreg på 1940-talet.[6] Oppfølgjaren frå 1948 handlar om då Svolvær-jenta Marianne ved eit uhell svelgde ei brosje og måtte sendast til Rikshospitalet i Oslo for å opererast. I 1948 vart Marianne på sykehus løna med Kirkedepartementets Kultur- og litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur (3. premie). Marianne på sykehus vart òg filmatisert i 1950, og filmen fekk same tittel som boka. Begge bøkene om Marianne er prega av ei optimistisk framstilling av høva i det moderne samfunnet.[7] For barnebokforlaget til Åsmund S. Lærdal skreiv og illustrerte han to bøker: Nonnene på Jomfruland : historie om Jomfruland, om nonnene som budde der i gamle dagar og om fyret på øya, som vart utgjeve i 1947, og deretter måleboka Alle tiders malebok, Drakt parade for gutter og jenter.[8][9] I 1949 gav han ut barneboka Trekløveret, som er interessant, ikkje minst fordi teksta vekslar mellom dansk, norsk og svensk. Dette speglar at boka har tre forteljarstemmer: den danske guten Kaj, som fortel om si reise til Noreg, den norske jenta Kari, som fortel om sitt besøk i Sverige; og den svenske guten Göran, som fortel om sitt opphald i Danmark. Boka er illustrert av forfattaren.[10]
1958: By og bolig : en beretning om boligkulturens utvikling i Oslo. Oslo Byes Vel's Boligundersøkelser nr. 1[27]
1960: Inne : en bok om rom, bohave og mennesker[28]
1961: Bedret boligbruk – Oslo Byes Vel's Boligundersøkelser nr. 5[29]
1963: Intellektuelle i alle land : av en sjelevandrers opptegnelser[30]
1966: Artikkelen Fargane i den nye bustadskulturen (oversatt til nynorsk av Arnt Løftingsmo) i artikkelsamlingen Ei bok om fargane, som var basert på en foredragsserie i NRK Radio i 1961 og 1962 [31]
↑«Uhørte stemmer og glemte steder. Fortellinger fra utviklingshemmedes historie.». www.institusjon.no. «Den ligger vakkert til, Røde Kors’ nye åndssvakeanstalt for barn og ungdom, på Bakkebø utenfor Egersund. (---) Det er arkitektparet Karen og Odd Brochmann som har tegnet anlegget, og de har virkelig klart å forene det stilfulle med det praktiske.»