Odd Martinsen | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. desember 1942 (82 år) Drammen kommune |
Yrke | langrennsløpar |
Odd Martinsen på Commons |
Odd Martinsen, (fødd 20. desember 1942) er ein tidlegare norsk langrennar og idrettsleiar frå Nittedal. Han var medlem av IL i Bondeungdomslaget i Oslo, og har fire individuelle NM-gull (15 km i 1966 og 1970 og 30 km i 1969 og 1971) og sju stafettgull. Det vart VM-gull i 1966 og OL-gull i 1968, begge i stafett. Individuelt vann han fire medaljar i dei internasjonale meisterskapa frå 1966 til –70 (to sølv og to bronse). Han er far til langrennaren Bente Skari.
Martinsen slo gjennom i 1966, då han vart norgesmeister på 15 km og vann først bronse og deretter var med på laget som vann stafetten (4×10 km) under VM i Oslo. Under OL 1968 i Grenoble vann han sølvmedaljen på 30 km, og var med på laget som tok gull på 4×10 km stafett. Under VM i 1970 vart det to medaljar, sølv og bronse på høvesvis 15 km og 30 km. Martinsen la opp i 1978, etter femten sesongar på toppnivå.
Han vart norgesmeister i stafett sju gonger, i 1970, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976 og 1978.
Martinsen var ein langrennar med høg toppfart. Både i 1966 og i 1968 sprengde han feltet på startetappen i VM og OL-stafettane, og fekk klengenamnet «Stafett-Martin». Han var klart best på 15 km og 30 km, på 50 km hamna han oftast eit stykke bak dei typiske milslukarane.
Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1969.
Martinsen var formann i langrennskomiteen i FIS i perioden 1986-2002.