Oh Lonesome Me Singel av Don Gibson | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1958 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:26 | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | Don Gibson | |
Tekstforfattar | Don Gibson | |
Låtskrivar(ar) | Don Gibson | |
Produsent | Chet Atkins | |
Don Gibson-kronologi | ||
«Sweet Dreams» (1956) |
Oh Lonesome Me | «Blue Blue Day» (1958)
|
«Oh Lonesome Me» er ein populær song skriven og innspelt av Don Gibson med Chet Atkins for RCA-Victor i Nashville i 1958. Songen toppa country-lista i USA i åtte veker på rad, og nådde 7. plass på Billboard-lista.[1] B-sida var «I Can't Stop Loving You», som har vorte ein standardsong.[2]
Det er gjort mange andre utgåver av songen.
Craig Douglas spelte inn ein versjon i Storbritannia i 1962 på (Decca-etiketten, produsert av Bunny Lewis.[3] Denne nådde 11. plass i Storbritannia og låg på lista i 11 veker..[4]
Neil Young spelte inn songen i lag med Crazy Horse for albumet hans After the Gold Rush i 1970. Denne versjonen er mykje langsamare enn originalversjonen, og det kan vere vanskeleg å høyre at det er same songen.
Johnny Cash nådde 13. plass på countrylista med songen i 1961 på,[5] Stonewall Jackson 63. plass i 1970,[6] Loggins & Messina 92. plass i 1975[7] og The Kentucky Headhunters 8. plass i 1990.[8]