Olav Myklebust | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. januar 1932 |
Død |
1. november 2011 (79 år) |
Yrke | politikar, diplomat, psykolog |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Unge Venstre |
Olav Myklebust (17. januar 1932–1. november 2011)[1] var ein norsk psykolog, Venstre-politikar og ambassadør.
Myklebust var oppvaksen på Sunnmøre. Etter cand.psychol-eksamen i 1957 var han stipendiat for Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og tilsett ved Norsk Regnesentral. Han byrja ògpå eit doktorgradsarbeid som dels vart utført ved Karolinska Universitetssjukhuset i Stockholm.
Frå 1962 til 1964 var han formann i Unge Venstre og frå 1964 generalsekretær i Venstre.[2] Han arbeidde i utanrikstenesta frå 1968 til 1998 og var norsk ambassadør til Namibia. I 1998 vart han utnemnd til den første norske ambassadøren til Malawi.