Ole Gunnar Fidjestøl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. mars 1960 (64 år) Kristiansand kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Skihopping under Vinter-OL 1988 – Laghopp |
Ole Gunnar Fidjestøl (fødd 21. mars 1960) er ein norsk, tidlegare skihoppar frå Kristiansand. I 1988 nådde Fidjestøl toppen då han vart verdsmeister i skiflyging. Frå laghopping har han sølvmedaljar frå verdsmeisterskapane 1987 og 1989, og bronsemedalje frå Vinter-OL 1988. I verdscupen elles hadde han fire sigrar, fire andreplassar og tre tredjeplassar. Beste samanlagtplasseringa i verdscupen, ein fjerdeplass, oppnådde han i 1989-sesongen. Han vart noregsmeister fire gonger, 1987, 1988 og i begge bakkane i 1990, då han vart tildelt kongepokalen. I den tysk-austerrikske hoppveka vart han totalt som best nr fem i 1983/84. Fidjestøl, som tevla for Vikersund IF, var på sitt beste i dei store bakkane og då særleg i skiflygingsbakkkar.
Fidjestøl la opp i 1992. Han var utteken til å hoppe med OL-fakkelen under opningsseremonien på Lillehammer 1994, men fall under eit prøvehopp og vart så skadd at Stein Gruben tok over.