Olli-Pekka Karjalainen | |
Olli-Pekka Karjalainen under EM 2006 i Göteborg Foto: Elias Håkansson
| |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 7. mars 1980 (44 år) Töysä |
Yrke | friidrettsutøvar, sleggekaster, politikar |
Høgd | 194 centimeter |
Politisk parti | Samlingspartiet i Finland |
Olli-Pekka Karjalainen (fødd 7. mars 1980) er ein finsk friidrettsutøvar frå Töysä som tevlar i sleggjekast. Han vann sølvmedaljen i øvinga under EM 2006 i Göteborg. Sidan 1998 har han vunne alle finske meisterskap i sleggjekast, 14 på rad. Sin personlege rekord på 83,30 meter oppnådde han i Lahti i 2004.
Karjalainen vart juniorverdsmeister i 1998 og sette samstundes verdsrekord for juniorar med 78,33 meter. Året etter var han europeisk juniormeister.
Karjalainen kvalifiserte seg til finalen under VM 1999 og kom på ellevte plass. I den neste VM 2001, klatra han ein plass opp resultatlista. Året etter var han nummer åtte under europameisterskapen i friidrett.
Han vart nummer fem i VM på heimebane i 2005. Året etter gjorde han sin beste prestasjon under ein internasjonalt meisterskap då han i EM 2006 i Göteborg kasta 80,84 m og tok sølv etter ei jamn og tetttevling med to kviterussarar, Ivan Tsikhan og Vadim Devjatovskij. I VM 2007 i Osaka vart han nummer ni, og året etter vart han sjettemann i OL i Beijing, begge gongane kasta han årsbeste i finalen.