Ottar Grepstad

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad i 2010.
Foto: Vidar Iversen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. oktober 1953 (71 år)
Øyer
Yrke redaktør, skribent
Språk nynorsk
Politisk parti Venstre
Medlem av Unge Venstre

Ottar Grepstad (fødd 1. oktober 1953) er ein norsk forfattar og frå 1999 til 2018 direktør for Nynorsk kultursentrum. Han har gjeve ut ei lang rekke bøker om ulike emne. I 1998 vikarierte han i ein periode som dagleg leiar i Noregs Mållag. Han var leiar for Unge Venstre 1975–1976. Frå 1980 til 1994 var han tilsett i Det Norske Samlaget, og var mellom anna redaktør for Syn og Segn frå 1984 til 1988. Ottar Grepstad var rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2009 og er styreleiar i Språkrådet (styremedlem 2006–2010).

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Vær utålmodig, menneske. Ei visebok som er no mer [redaktør] 1978
  • Essayet i Norge : fjorten riss av ein tradisjon 1982
  • Høvesdikting i EF-striden 1970-72 1983
  • Venstres hundre år [redaktør] (med Jostein Nerbøvik) 1984
  • Balladen om Europa 1985
  • Nynorsk faktabok 1998. 1998
  • Retorikk på norsk 1988
  • Det litterære skattkammer : sakprosaens teori og retorikk 1997
  • Stem i! Songbok for røysteføre [medredaktør] 1994 (supprimert)
  • Lesebok 1994 [medredaktør] 1994
  • Hamsun i Æventyrland. Nordlandsliv og diktning (med Kirsti M. Thorheim) 1995
  • Norske tekster. Sakprosa / [redaktør] 1999
  • Den Store nynorske sitatboka : norsk kulturhistorie gjennom 800 sitat / [redaktør] 2000
  • Det nynorske blikket 2002
  • Fotefar mot nord (med Kirsti Mathilde Thorheim og Guri Dahl) 2003
  • Jakob Sandes kulturelle skòrfeste 2003
  • Nynorsk innhald på internett : grunnlag for handlingsplan 2005-2013 (med Eirik Helleve og Kirsti Langstøyl) 2004
  • På parti med språket? : språkpolitikk i partiprogramma 1906-2005 2004
  • Nynorsk i opplæringa : kunnskap, kultur og kvalitet : synspunkt til politisk leiing i Utdannings- og forskingsdepartementet 2004
  • Nynorsk faktabok 2005
  • Eit liv med kaffistover og bondeheimar : i samtalar med Nils Seland og Ottar Grepstad (med Kåre Kolås og Nils Seland) 2005
  • Nynorsk faktabok 2005. 2005
  • Vestlandets historie. Bd. 1-3. (Redaktørar Knut Helle, Ottar Grepstad, Arnvid Lillehammer, Anna Elisa Tryti) 2006
  • Viljen til språk : ei nynorsk kulturhistorie 2006
  • Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850-2010. 2010
  • Draumen om målet. 2012
  • Historia om Ivar Aasen. 2013
  • Språksansen. 2013

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]