«Out of Tears» Singel av The Rolling Stones frå albumet Voodoo Lounge | ||
Utgjeve | 1. november 1994 | |
Innspelt | Juli til desember 1993 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:21 (albumversjon 5:27) | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
---|---|---|
Produsent | Don Was & The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«You Got Me Rocking» (1994) |
«Out of Tears» | «I Go Wild» (1995)
|
«Out of Tears» er ein song av the Rolling Stones på albumet Voodoo Lounge frå 1994.
Songen er ein ballade tilskriven Mick Jagger og Keith Richards, men er stort sett skriven av Jagger[1]. Songen vart skriven på eit piano heime hos Ronnie Wood og har ei noko trist stemning. Jagger fortalte sidan at han fekk ei anna stemning og melodistruktur då han spelte songen på piano i staden for gitar[1]
Innspelinga starta i juli og august i heimestudioet til Wood i Irland, og seinare i Sandymount Studios og A&M Recording Studios i Los Angeles.[1] Songen er med Jagger på solovokal og akustisk gitar, Wood og Richards på elektrisk gitar, med Wood på solo, trommer av Charlie Watts; bass av Darryl Jones; piano av Chuck Leavell, orgel av Benmont Tench og perkusjon av Lenny Castro.[1] Strykearrangementet er laga av David Campbell.[2]
Songen var den tredje singelen frå Voodoo Lounge og nådde 60. plass i USA og 36. plass i Storbritannia.
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|