Oxia Planum

Del av Oxia Planum nær dalen Coogoon Vallis, fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter

Oxia Planum er ei slette aust for låglanda Chryse PlanitiaMars. Ho er vald som hovudkandidat for landingsstaden til ExoMars-roveren i 2018. Sletta er rik på leire, noko som vert rekna som ein føremon for å kunna finna spor etter eventuelt tidlegare liv på Mars.