Paparoa | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Region Distrikt |
![]() Northland Kaipara |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (6. mars 2018; 30. juni 2020) |
363,[1] 380[2] |
Koordinatar | 36°5′54″S 174°14′22″E / 36.09833°S 174.23944°E |
Paparoa er ein busetnad i regionen Northland på New Zealand, om lag ein og ein halv times biltur nord for Auckland. Elva Paparoa Stream renn frå aust gjennom busetnaden og inn i Paparoa Creek som går mot sør og renn saman med Arapaoa-elva som er ein del av Kaipara Harbour. Riksvegen State Highway 12 går òg gjennom Paparoa. Matakohe ligg seks km mot sørvest, og Maungaturoto 12 km mot aust.[3][4] Namnet Paparoa kjem frå maorispråk, og tyder 'lang, flat stein'.
Paparoa var ein av fleire busetnadar i Kaipara som vart grunnlagd av ei religiøs gruppe kjend som Albertlanders. Port Albert nær Wellsford var den viktigaste busetnaden deira, Matakohe var ein annan.[5] Dei slo seg ned i Paparoa i 1863. Jorda vart svidd av slik at dei kunne så korn og gras.[6] I 1865 vart det bygd ein veg til hamna i Pahi, og kort etter ein til Matakohe.[7] Eit pottemakeri og ein fabrikk som laga tauverk og matter av Phormium (P. cookianum eller P. tenax) var i drift i 1870-åra, og der vart oppretta teglverk, men verksemdene måtte lida under dårlege vegar og høge fraktkostnadar. Dei næraste butikkane låg i Pahi, nesten ti km mot sør.[8]
Dampbåten «Minnie Casey» batt frå 1882 Paparoa saman med Helensville på sørsida av Kaipara med ei rute ein gong i veka. S.S. «Ethel» tok over frå 1891-95, etterpå gjekk ruta berre til Matakohe og Pahi.[9] Vegnettet i området vart utbetra i 1880- og 1890-åra.[10]
I 1890-åra hadde Paparoa 35 familiar og kring 200 busette, Dei fleste hadde slått seg ned langs breiddene til Paparoa-elva. Medrekna Pahi var der 400 pmenneske i området. Til 1906 var folketalet i Paparoa dobla.[11] Det vart rydda beiteland i området, og eit meieri vart opna i Paparoa i januar 1895.[12]
Jarnvegslinja North Auckland railway line nådde Huarau, aust for Paparoa, tidleg på 1920-talet. Det var planlagt eit spor gjennom Paparoa, men dette vart det aldri noko av.[13]