Pedro Carmona-Alvarez | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. februar 1972 (52 år) La Serena |
Yrke | Forfattar |
Periode | 1997- |
Debut | Helter |
Pedro Carmona-Alvarez (fødd 15. februar 1972 i Chile)[1] er ein norsk-chilensk forfattar og musikar.
Carmona-Alvarez debuterte som forfattar i 1997 med diktsamlinga Helter. Samlinga er prega av bakgrunnen til forfattaren frå to svært ulike kulturar. Han har vore elev ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han arbeider òg med gjendiktingar frå spansk, og er medredaktør i litteraturtidsskriftet Vagant. Carmona-Alvarez spelar dessutan i bandet Sister Sonny, der han skriv tekstene, syng, og spelar fleire instrument.
Frå 2003 til 2009 var han redaktør for debutantantologien Signaler i Cappelen.