Pentapolis ved den italienske kysten av Adriahavet og ein del av eksarkatet Ravenna, ei administrativ eining av Det bysantinske riket. Raudt: pentapolis; Oransje: andre byar.
Pentapolis (frå gresk πέντε (pente), «fem», og πόλις (polis), «by(-stat)») er ei geografisk og/eller institusjonell gruppering av fem byar. I antikken ville slike grupperingar truleg koma til av politiske, kommersielle og militære årsaker, noko som skjedde seinare med dei engelske Cinque Ports (fem hamnar).
I det heilage landet viste nemninga i Septuagintas Visdomsbøker, x, 6, til regionen der det var fem byar: Sodoma, Gomorra Soar (Segor, Zoara/Zoar eller Bela)[1] Adma og Sebojim.[2] Desse sameinte seg for å stå imot ein invasjon frå Kedor-Laomer, kongen av Elam.[3] Fire av dei blei kort tid etter fullstendig øydelagde.[4]
Vestlege pentapolis: De fem greske koloniane som kom til å bli i den romerske provinsen Libya Superior, den vestlige delen av Kyrenaika (i dag Libya) inntil Diokletians reform i 296. Den viktigaste byen var Kyrene, og byhamna Apollonia, Ptolemais (den neste hovudstaden etter at Kyrene blei øydelagd av eit jordskjelv), Barca (den seinare arabiske provinshovudstaden Barka), Berenice (dagens Benghazi); også kjend som Pentapolis inferior (Nedre Pentapolis). Dette er den pentapolisen som er referert til i den offisielle tittelen til den østortodokse patriarken av Alexandria og paven av den koptisk-ortodokse kyrkja.
↑Nettbibelen: Første Mosebok 10:19[daud lenkje]: «Kanaaneernes landområde strakte seg fra Sidon i retning av Gerar like til Gaza, og mot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim like til Lesja.»