Per Bergerud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. juni 1956 (68 år) Flesberg kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Per Bergerud (fødd 28. juni 1956) er ein tidlegare norsk skihoppar frå Flesberg i Buskerud, og noverande næringsdrivar. Han vart verdsmeister i 1985 då han vann rennet i storbakken i Innsbruck. I 1982 var han saman med Johan Sætre, Ole Bremseth og Olav Hansson med på laget som i Oslo vann den fyrste verdsmeisterskapen i skihopping for lag. Mellom 1978 og 1985 vart han noregsmeister åtte gonger. Han var medlem av Svene IL.
Bergerud debuterte internasjonalt i den tysk-austerrikske hoppveka i 1974. Fyrst i 1977-sesongen slo han gjennom, kom då på medaljeplass i begge NM-renna og var som best på ein sjuandeplass i verdscupen. Sin fyrste siger i store, internasjonale tevlingar kom i 1978 i Bergiselbakken i Innsbruck, under den tysk-austerrikske hoppveka. Same sesongen vart han norsk dobbeltmeister. Dobbel noregsmeister vart han også i 1983. Gjennom åra vann Bergerud åtte NM-gull, to sølvmedaljar og to bronsemedaljar. Siste NM-gullet kom i 1985. I alt mottok han fem kongepokalar. I 1979 sigra han i Holmenkollen etter ein spennande duell med Johan Sætre.
Verdscupen i skihopping vart arrangert frå sesongen 1979/80. Bergerud vann dei neste sesongane i alt fire verdscuprenn. Det fyrste var eit skiflygingsrenn i Vikersund i 1980, sidan vann han to renn i Engelberg, 1981 og 1983. I mellom sigrane i Engelberg, vann han i 1982 sin andre siger i den tysk-austerrikske hoppveka, og atter i Innsbruck. Totalt vart han då nummer tre i hoppveka, bak den klare vinnaren Manfred Deckert og Roger Ruud. Den beste plasseringa hans samanlagd i verdscupen var femteplassen i 1983-sesongen.
Bergerud hamna eit godt stykke ned på resultatlistene i dei fleste internasjonale meisteskapane. I ski-VM 1978 i Lahti vart han nummer 11 i normalbakken som best, medan han under vinter-OL 1980 Lake Placid vart nummer 16 og 18 i dei to renna. Under ski-VM 1982 i Oslo var han med på gullaget i lagtevlinga, men bokførte 11. plassen i storbakkerennet som sin beste individuelle prestasjon.
Høgdepunktet for skihopparen Bergerud kom under Ski-VM 1985 i Seefeld, der han gjekk til topps i storbakken, Bergiselbakken i Innsbruck, og tok bronsemedaljen i normalbakken i sjølve Seefeld. I ei jamn tevling i Bergiselbakken, der Bergerud leia etter fyrste omgang, vann han føre finnane Jari Puikkonen og Matti Nykänen.
I 1985 vart Bergerud tildelt Holmenkollmedaljen