Peter Matz | |||
Fødd | 6. november 1928 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pittsburgh, Pennsylvania, U.S. | ||
Død | 9. august 2002 (73 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Peter Matz | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1954–1995 | ||
Sjanger | Pop | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | Musikar, komponist, arrangør, dirigent | ||
Gift med | Marilyn Lovell Matz |
Peter Matz (6. november 1928–9. august 2002)[1] var ein prisvinnande amerikansk musikar, komponist, arrangør og dirigent. Karrieren hans innan film, teater, fjernsyn og studioinnspelingar dekte femti år og han har arbeidd med mange kjende artistar som Marlene Dietrich, Noël Coward og Barbra Streisand. Matz har vunne tre Emmyar og Grammyprisen, og er mest kjend for arbeidet med dei tidlege albuma til Streisand.[2]
Peter Matz vart fødd i Pittsburgh i Pennsylvania den 6. november 1928.[1] Han studerte kjemiteknikk ved University of California, Los Angeles, men etter å ha spelt treblåseinstrument for lokale danseband for å tene pengar, skjønte han etter kvart det var musikar han skulle bli. Etter han var ferdig på universitetet, drog Matz to år til Paris for å studere piano og musikkteori. I 1954 kom han attende til New York og fekk jobb som øvingspianist for Harold Arlen- og Truman Capote-musikalen House of Flowers. Arlen såg talentet til Matz og fekk Matz til å arrangøre og dirigere musikken til fleire av dansesekvensane i showet.[3] Seinare bestilte Arlen Matz til å skrive songar, dansemusikk og arrangøre musikken til musikalen hans Jamaica.[2] Arlen var imponert av arbeidet til Matz og tilrådde han for andre, mellom anna cabaretartisten Marlene Dietrich.[3]
I 1955 tilrådde Dietrich Matz for Noël Coward, då han skulle spele i Las Vegas, men utan den vanlege akkompagnementet sitt med Norman Hackforth, som ikkje fekk arbeidsløyve i USA. Coward var imponert av Matz og skidlra han som «rask, intelligent og ein fin pianist».[3] Matz arbeidde med Coward på albumet hans, fleire fjernsynsshow og musikalen Sail Away. I 1962 var Matz musikalsk leiar for Richard Rodgers-musikalen No Strings, og for dette vart han nominert til Tonyprisen for beste dirigent.[3][4]
Tidleg i 1960-åra byrja Matz å arbeide med Barbra Streisand på det første albumet hennar, som ho vann fleire Grammyprisar for og gjorde ho til stjerne. Han fortsette å arbeide med Streisand på dei neste fire albuma hennar, og vann sjølv ein Grammypris i 1964 for albumet People.[3][5] Seinar vann Matz Emmyprisen for fjernsynsspesialen hennar My Name Is Barbra i 1965 og ein Oscarnominasjon for beste muiskk for filmen hennar Funny Lady frå 1975.[5] Han vann to Emmyprisar til, for ein episode av fjernsynsserien Kraft Music Hall, og for ein episode av The Carol Burnett Show.[6] Matz var musikalsk leiar for The Carol Burnett Show i åtte år.[3] Matz var orkesterleiar for Hullabaloo frå januar 1965 til august 1966.[7]
Matz har arbeidd med mange kjende artistar, som Burt Bacharach, Tony Bennett, Bing Crosby, Lena Horne, Peggy Lee, k.d. lang, Bette Midler, Liza Minnelli, Elaine Paige, Chicago, Dolly Parton, Dame Kiri Te Kanawa, Sarah Vaughan og Dionne Warwick. Han har òg komponert musikk for mange filmar og fjernsynsseriar.[3]
Matz døydde av lungekreft den 9. august 2002.[2] Det vart halde ein minnekonsert for han ved University of California, Los Angeles, den 25. november 2002 med mellom andre Carol Burnett og Burt Bacharach.[8]