Petrine Sonne

Petrine Sonne
Fødd25. november 1870
FødestadKøbenhavn
Død26. mai 1946 (75 år)
DødsstadVedbæk
FødenamnJohanne Petrine Sonne
Verka somskodespelar, filmskodespelar
BornPer Sonne

Johanne Petrine Sonne (25. november 187026. mai 1946) var ein dansk skodespelar.

Sonne var dotter av skodespelaren Julie Amalie Bondesen (1843–1907) og overrettssakføraren Hans Karsten Werchmeister Møller (1831–1891), og storesyster til skodespelaren Valdemar Møller (1885–1947).[1]

Sonne debuterte på Folketeatret i København i 1892. Deretter verka ho ved Casino, Frederiksberg Teater, Det Ny Teater og igjen på Folketeatret frå 1927 til ho døydde i 1946.[2]

I 1907 debuterte Sonne på film som heks i Fyrtøjet. Ho var med i fleire Fy og Bi-filmar, og rakk i alt å medverke i fleire enn 50 stumfilmar. Heretter spelte ho i nesten 40 lydfilmar, ofte i mindre roller med komiske islett.[1] Ho var kjend for små lune og elskelege roller som morlille eller gammaljomfru med ein hang til sladder.[3]

Petrine Sonne var gift med kunstmålaren Carl Harry William Sonne (1875–1963) og blei mor til kunstmålaren Per Sonne (1906–1996).[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Petrine Sonne - dansk film database». danskefilm.dk. Henta 15. januar 2019. 
  2. «Petrine Sonne | Det Danske Filminstitut». www.dfi.dk. Henta 15. januar 2019. 
  3. «Petrine Sonne». www.gravsted.dk. Henta 15. januar 2019.