Petter Thomassen | |||
Fødd | 17. april 1941 Salangen kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 8. oktober 2003 (62 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande, faglitterær forfattar | ||
Utdanna ved | Copenhagen Business School | ||
Alle verv |
|
Petter Johan Thomassen (17. april 1941–8. oktober 2003) var ein norsk næringsdrivar, samt stortingsrepresentant for partiet Høgre. Han representerte Nordland fylke på Stortinget frå 1977 til 1997, og var industriminister i Willoch-regjeringa 1985–86 og næringsminister i Syse-regjeringa 1989–90.
Thomassen var fødd i Salangen i Troms, der faren var gardbrukar. Under andre verdskrigen vart småbruket deira gjort til innkvarteringsstad for tyske soldatar, der det òg vart reist ein leir for russiske krigsfangar. Thomassen har skildra tida i boka Barneår i krig frå 1986.
Etter examen artium studerte Thomassen til siviløkonom ved Handelshøjskolen i København i tida 1960-63. Han tok arbeid i databransjen og var systemkonsulent i Oslo 1964-65 før han var disponent i NordlandsData AS i Bodø 1965-76, eit firma han bygde opp frå grunnen.
Thomassen var medlem av Bodø bystyre 1968-75, og medlem av Nordland fylkesting og fylkesutval 1972-79 (gruppeleiar 1972-77 og fylkesråd 1976-77). Frå 1976 var han i 14 år medlem av sentralstyret i Høgre, siste to åra som 2. nestleiar.
I 1977 vart Thomassen vald inn på Stortinget frå Nordland, og vart sitjande frem til 1997. Etter ein fireårsperiode i kommunal- og miljøvernkomitérn fekk han i 1981 plass i finanskomitéen, der han var formann 1983-85 og medlem 1987-89. I 1985 tok han over som industriminister i Willoch-regjeringa, ein posisjon til regjertinga gjekk av i mai 1986. Deretter var han medlem av Stortingets forbrukar- og administrasjonskomité til 1987. Thomassen var så næringsminister i Syse-regjeringa 1989–90. I 1991 gav han ut ei bok om Syse-regjeringas fall.
I si siste stortingsperiode var Thomassen medlem av kirke- og undervisningskomitéen og den fyrste leiaren i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Her arbeidde han for å markere den nye komiteen som det sentrale kontrollorganet til Stortinget.