Port Levy Koukourarata | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Canterbury | ||
Folketal | 93 (2006)[1] | ||
Tidssone | +12 | ||
Port Levy 43°38′54″S 172°49′07″E / 43.6483°S 172.8185°E | |||
Wikimedia Commons: Port Levy |
Port Levy er ei lang, skjerma bukt og ein liten busetnad på Bankshalvøya i regionen Canterbury.
Det noverande folketalet ligg under 100, medan på midten av 1800-talet var staden den største maoribusetnaden i Canterbury med eit folketal på kring 400.[2] Han har fått namn etter Solomon Levey, ein forretningsmann og skipseigar frå Sydney som sende fleire handelsskip til området kring Bankshalvøya i 1820-åra.
Bukta vart busett av Ngai Tūāhuriri, ein understamme av iwien Ngāi Tahu, og høvdingen Moki kalla henne Koukourarata etter ein bekk i Wellington, til minne om fødselen til far hans, Tu Ahuriri.
Dette var også bustaden til Tautahi, høvdingen som sumplandet Ōtautahi fekk namn etter - no staden der byen Christchurch ligg.
Den første anglikanske kyrkja for maoriar vart bygd her, og ein stein markerer staden der ho stod.
Delar av Peter Jackson sin film Sorte engler (Heavenly Creatures) frå 1994 vart tekne opp i Port Levy.
|isbn=
value: checksum (hjelp).