Quantock Hills | |||
Area of Outstanding Natural Beauty | |||
Upland scrub in the Quantocks
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Somerset | ||
Distrikt | Taunton Deane, West Somerset, Sedgemoor | ||
Koordinatar | 51°08′39″N 3°13′59″W / 51.14417°N 3.23306°W | ||
Høgaste punkt | Wills Neck | ||
• høgd | 384 moh. | ||
- koordinatar | 51°06′33″N 3°11′37″W / 51.10917°N 3.19361°W | ||
Styre | Quantock Hills AONB | ||
Quantock Hills 51°09′00″N 3°14′00″W / 51.15°N 3.2333333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Quantock Hills | |||
Nettstad: Quantock Hills AONB |
Quantock Hills er ei åsrekkje vest for Bridgwater i Somerset i England. Det høgaste punktet i Quantocks er Wills Neck med ei høgd på 384 meter over havet.[1] Åsane strekkjer seg frå Vale of Taunton Deane i sør og om lag 25 km nordvestover til East Quantoxhead og West Quantoxhead ved kysten av Bristolkanalen. Dei utgjer den vestlege grensa til Sedgemoor og Somerset Levels.
Åsane omfattar hei, eikeskog, gamle parkområde og jordbruksland. Dei fekk status som Area of Outstanding Natural Beauty, eit særleg vent naturområde, i 1956.[2] I 1970 blei eit område på 6 194,5 acre (2 506,8 ha) gjeve status som Site of Special Scientific Interest, ein stad av særleg interesse for vitskapen, for biologi.[3]
Arkeologiske funn i åsane omdattar rundhaugar frå bronsealderen, bygdeborger frå jernalderen og fleire gamle teigsystem. Funn frå romartida omfattar mellom anna sølvmyntar funne i West Bagborough. Diktaren Samuel Taylor Coleridge budde i Nether Stowey frå 1797 til 1799, og har gjeve namn til turstien Coleridge Way. Quantock Hills er populære blant lokale, fotturistar, syklistar og ryttarar.
Namnet opptrer først i angelsaksiske charter rumdt år 880 som Cantuctun. Tohundre år seinare er det oppgjeve i Domesday Book som Cantoctona og Cantetone. Namnet tyder 'busetnad ved ein kant av åsar';[4] Cantuc er eit keltisk ord for kant eller sirkel, medan -ton eller -tun er gammalengelsk for busetnad. Det høgaste punktet i åsan heiter Will's Neck, som tyder 'kammen til walisaren', truleg ein referanse frå tida då åsane markerte grensa mellom det veksande saksiske kongeriket Wessex og landområda til dei keltiske britonarane eller «walisarane»i vest. I denne perioden blei det utkjempa eit slag i området.[1]