Raised on Radio Studioalbum av Journey | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. april 1986 | |
Innspelt | Oktober til desember 1985 | |
Studio | Record Plant i Sausalito i California og Fantasy Studios i Berkeley i California | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 44:13 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Steve Perry[1] | |
Journey-kronologi | ||
---|---|---|
Frontiers (1983) |
Raised on Radio | Greatest Hits (1988)
|
Singlar frå Raised on Radio | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Raised on Radio er det niande studioalbumet av det amerikanske rockebandet Journey, gjeve ut i april 1986 på Columbia Records. Det er det einaste Journey-albumet utan bassisten Ross Valory, som her vart erstatta av studiomusikarane Randy Jackson og Bob Glaub. Trommeslagaren Steve Smith bidrog på eit par spor, men vart sidan erstatta av Larrie Londin og Mike Baird.
Albumet inneheldt tre topp 20-singlar i USA: «Girl Can't Help It» (nr. 17), «I'll Be Alright Without You» (nr. 14) og «Suzanne» (nr. 17). Det inneheldt òg topp 10-singelen «Be Good to Yourself» (nr. 9)[3] Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard 200-lista,[4] og selde til dobbel platinaplate i USA.[5]
Raised on Radio kom ut tre år etter Frontiers (1983). I 1984, gav både gitaristen Neal Schon og songaren Steve Perry ut album kvar for seg. Schon i bandetHSAS (Through the Fire) og Perry med det første soloalbumet sitt, Street Talk. Perry vurderte å forlate Journey etter Street Talk, som han omtalte som noko av det kjekkaste han hadde gjort. Perry valde å kome attende til Journey etter å ha hatt ein telefonsamtale med klaverspelaren Jonathan Cain, som ønskte å arbeide med han på nokre uferdige songar.[6]
Etter at Perry kom attende til Journey, byrja han å ta meir kontroll over retninga til bandet. Bassisten Ross Valory og trommeslagaren Steve Smith fekk begge sparken frå bandet, mot ønska til managerenHerbie Herbert. I følgje Perry, var ikkje Valory og Smith «nøgde med å spele den typen musikk me spelte og ønskte ikkje å turnere».[6] Smith sa seinare opp den tidlege innspelingsprosessen: «Det var mykje press om å gjere det slik Steve Perry ønskte det, som eg hadde mykje problem med fordi eg meinte det burde vere ei gruppeinnspeling, slik dei andre platene våre hadde vore.»[7] Valory og Smith vart erstatta av ymse studiomusikar på innspelinga av Raised on Radio, inkludert Randy Jackson (bassgitar) og Larrie Londin (trommer). I VH-1-programmet Behind the Music om bandet, sa Perry at han angra på avgjersla si. Smith spelte inn tre spor med Journey på albumet, og han og Valory fekk honorar frå plata og den påfølgjande turneen. Begge kom attende til Journey i 1995.
Bandet meinte at Perry, som hadde synt at han kunne fungere som produsent på Street Talk, var det beste valet til å produsere albumet. I følgje Perry gav dette resten av bandet så mykje kunstnarisk kontroll som dei kunne få: «Journey veit korleis det skal høyrast ut, så me var alle samde om at eg ville vere ein bra, trygg og ikkje-diktatorisk produsent.»[6]
Perry endra originaltittelen på prosjektet frå Freedom til Raised on Radio, som irriterte Herbert og somme av bandmedlemmane, sidan det ikkje følgde det faste mønsteret deira om å ha albumtitlar med berre eitt ord.
Studiotrommeslagaren Mike Baird og bassisten/korvokalisten Randy Jackson spelte i staden for Smith og Valory på den påfølgjande turneen.
Alle songar er skrivne av Steve Perry, Jonathan Cain og Neal Schon, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Girl Can't Help It» | 3:50 | |
2. | «Positive Touch» | 4:16 | |
3. | «Suzanne» | Perry, Cain | 3:38 |
4. | «Be Good to Yourself» | 3:51 | |
5. | «Once You Love Somebody» | 4:40 | |
6. | «Happy to Give» | Perry, Cain | 3:49 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Raised on Radio» | 3:49 | |
8. | «I'll Be Alright Without You» | 4:49 | |
9. | «It Could Have Been You» | 3:37 | |
10. | «The Eyes of a Woman» | 4:32 | |
11. | «Why Can't This Night Go On Forever» | Perry, Cain | 3:43 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Girl Can't Help It» (live) | 4:17 |
13. | «I'll Be Alright Without You» (live) | 4:57 |
|
|
Land | Organisasjon | År | Salstal |
USA | RIAA | 1989 | 2x Platinum (+ 2 000 000)[5] |
Canada | CRIA | 1986 | Gull (+ 50 000)[19] |