Raukumarafjella (engelsk Raukumara Range) er ei fjellkjeds som ligg nord for Gisborne, nær East Cape på Nordøya på New Zealand. Ho er ein del av den største fjellkjeda på Nordøya, og strekkjer seg nord-nordaust frå Wellington til East Cape. Berget er hovudsakleg bygd opp av gråvakke, argillitt, silt- og sandstein.[1][2]
Den høgaste, ikkje-vulkanske fjelltoppen på Nordøya, Mount Hikurangi (1755 moh.), er ein del av denne kjeda.[3] Andre framståande toppar er Maungahaumi (1213 moh.), Mount Aorangi (1272 moh.), Mount Arowhana (1440 moh.) og Mount Raukumara (1343 moh.).
37°47′S 178°02′E / 37.783°S 178.033°E
Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |