Reidar Hirsti | |||
Fødd | 14. mars 1925 Tana kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 12. april 2001 (76 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, historikar, redaktør, skribent, biograf | ||
Alle verv |
|
Reidar Andreas Hirsti (14. mars 1925–12. april 2001) var ein norsk redaktør, historikar, forfattar og politikar for Arbeidarpartiet.
Reidar Hirsti var fødd i Tana kommune i Finnmark. Han var sjefredaktør i Arbeiderbladet frå 1963 til han i 1974 vart avsett av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Frå 1974 til 1975 var han statssekretær i Industridepartementet. Frå 1975 var han tilsett i NRK, blant anna som programdirektør. Han var medforfattar og hovudansvarleg for den historiske tv-serien Veier i vår tid som gjekk på NRK i 1991.
Han har gjeve ut fleire bøker med historiske tema, særleg knytt opp til Arbeidarrørsla, blant anna om Johan Nygaardsvold og Yngve Hågensen, men òg om Finnmark og samane. I boka Partipisken (1991) skriv han om korleis han vart pressa ut frå stillinga som redaktør i Arbeiderbladet.
I 2000 vart Hirsti tildelt Fritt Ords honnør for sin innsats for sjølvstenda til avisene.