Remember (Walking in the Sand) Singel av The Shangri-Las frå albumet Leader of the Pack | ||
B-side |
It's Easier to Cry | |
---|---|---|
Utgjeve | August 1964[1] | |
Innspelt | Juli 1964[2] | |
Studio | Mira Sound i New York City[2] | |
Sjanger | pop | |
Lengd | 2:17 | |
Selskap | Red Bird | |
Låtskrivar(ar) | George Morton | |
Produsent | Artie Ripp, Jeff Barry | |
The Shangri-Las-kronologi | ||
«Wishing Well» (1964) |
Remember (Walking in the Sand) | «Leader of the Pack» (1964)
|
«Remember (Walking in the Sand)», òg kjend som berre «Remember», er ein song skriven av George «Shadow» Morton. Han vart opphavleg spelt inn av jentegruppa The Shangri-Las, som fekk ein topp 5-hit med songen i 1964. Ein ny versjon spelt inn av Aerosmith i 1979 vart òg ein mindre hit. Det har òg blitt spelt inn mange andre versjonar av songen.
Morton ønskte å slå gjennom i musikkbransjen, og drog til Brill Building i New York City for å treffa ein gammal kjærast, Ellie Greenwich, som hadde vorte ein suksessfull poplåtskrivar. Skrivepartnaren til Morton og Greenwich, Jeff Barry, mislikte kvarandre. På spørsmål om kva han levde av, svarte Morton «Eg skriv songar», sjølv om han aldri hadde skrive ein. Då Barry spurde han kva slags, svarte Morton: «Hitlåtar!». Barry sa at han gjerne ville høyra ein av Morton sine låtar, og inviterte han til å komma tilbake veka etter med noko.
Morton hyra ei tenåringsgruppe frå Queens, The Shangri-Las, til å syngja. Då han innsåg at han ikkje hadde ein song enno, skreiv han umiddelbart «Remember (Walking in the Sand)». Det er fleire historier om korleis han vart skrive. Den eine er at han umiddelbart etter at han innsåg at han ikkje hadde ein song, parkerte ved ei strand på Long Island og der skreiv songen. Songen inneheld tilbakevendande måse- og surfeffektar.[3] Han brukte Shangri-Las på demoen, som han sjølv produserte. (Ein enno ikkje kjend Billy Joel skal ifølgje Morton ha spelt pianoakkordane som opnar songen). Jeff Barry vart imponert og Red Bird Records plukka opp songen for utgiving og skreiv kontrakt med Morton og Shangri-Las. Ifølgje nokre meldingar var originalversjonen nesten sju minutt lang. For å passa til AM-radioformatet på den tida måtte songen kuttast i lengda, men i staden for å redigera songen, tona Morton han ganske enkelt ut etter 2:10. I ein annan versjon presenterer Morton demoen for ulike Red Bird-medarbeidarar, Jeff Barry, Ellie Greenwich, Artie Butler[4] og andre, og dei og nokon studiomusikarar tok demoen inn i studio der han vart «ei heilt anna plate.»[5]
Sangen vart gitt ut som tredje singelen til The Shangri-Las, deira første på Red Bird Records, og vart nummer fem på Billboard Hot 100,[6] og nummer ni på Cashbox si R&B-liste.[7] Han nådde òg nummer fjorten på UK Singles Chart, og fekk større suksess i Storbritannia då han vart gitt ut på nytt ved fleire høve på 1970-talet.
Cash Box skildra songen som «ein heimsøkjande klagande pop-r&b-romantikar med ein off-beat raskt skiftande, hard-svingande rytme.»[8]
The Shangri-Las si innspeling vart plassert på 395. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004. Billboard kåra songen til 26. plassen på lista si over dei 100 beste jentegruppe-songane gjennom tidene.[9]
Tidleg på 1970-talet gav Buddah Records ut ein «Radio Active Gold» versjon som inneheldt ein udubba versjon av demoen (utan ekko eller lydeffektar). Denne versjonen er 2:17 lang og introen er «Remember...»-refrenget utan solovokalen til Mary Weiss. Denne versjonen (den tekniske termen for det er ein underdub) dukka først opp på eit Buddah samlealbum frå 1969 med tittelen Incense and Oldies, saman med ein alternativ versjon av «Give Him a Great Big Kiss».
I følgje musikkforskaren Albin J. Zak:[2]
The Shangri-Las
Andre medverkande og produksjon
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Remember (Walking in the Sand) Singel av Aerosmith frå albumet Night in the Ruts | ||
B-side |
Bone to Bone | |
---|---|---|
Utgjeve | 11. desember 1979 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Bluesrock, hardrock | |
Lengd | 4:04 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | George Morton | |
Produsent | Aerosmith, Gary Lyons | |
Aerosmith-kronologi | ||
«Chip Away the Stone» (1978) |
Remember (Walking in the Sand) | «Bitch's Brew» (1982)
|
Aerosmith gav ut ein meir rock-orientert versjon av songen med ukreditert korvokal av Mary Weiss frå Shangri-Las som singel i 1979. Gitt ut på Columbia Records var den henta frå det sjette studioalbumet deira, Night in the Ruts og vart òg inkludert på albumet Greatest Hits. Aerosmith-versjonen vart produsert i lag med Gary Lyons. Han vart lista på Billboard Hot 100 som nummer 67. Han nådde òg 29. plassen på den kanadiske singellista magasinet RPM i mars 1980.[17].
I 1979 gav Louise Goffin ut ei nyinnspeling av songen på debutalbumet sitt, Kid Blue. Denne versjonen nådde 43. plass på Billboard Hot 100.[18]
I 2005 sampla den amerikanske rapparen Capone songen og justerte han opp fem halvtonar for «Streets Favorite» (ofte feilaktig merket med songtittelen «Oh No»), eit spor frå albume thans Pain, Time, & Glory frå 2005. I 2020 vart ein instrumental av «Streets Favorite» ein Internett-meme på TikTok, som vanlegvis blir spelt når ei ulykke blir vist.[19][20] Capone-samplinga vart popularisert i BBC-serien Don't Mess!, og dukka deretter opp i fleire marknadsføringskampanjar for showet mellom 2010 og 2015.
Amy Winehouse spelte ein del av refrenget då ho song «Back to Black» under konsertar.[21]