Richard Gibbs | |||
Fødd | 5. desember 1955 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bay Village i Ohio i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1981 | ||
Sjanger | Filmusikk | ||
Verka som | Komponist, orkestrator, dirigent |
Richard «Ribbs» Gibbs (fødd 5. desember 1955) er ein USA-amerikansk filmmusikkomponist og produsent, og arbeidd på filmar som Dr. Dolittle,[1] Big Momma's House,[2] Queen of the Damned[3] og TV-seriane Battlestar Galactica[4] og den første sesongen av The Simpsons.[5]
Gibbs var klaverspelar for new wave-bandet Oingo Boingo frå 1980 til 1984. Han har òg vore studiomusikar og spelt på over 150 album for artistar som varierer frå War, Tom Waits, Boy Meets Girl, Living in a Box, Robert Palmer og Aretha Franklin.