Rob Stoner | |||
Fødd | 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Manhattan i New York City | ||
Fødenamn | Robert David Rothstein | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | bassgitar | ||
Verka som | Multiinstrumentalist |
Robert David Rothstein (fødd 20. april 1948), betre kjend som Rob Stoner, er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist.[1][2][3]
Stoner starta karrieren sin med forskjellige artistar i New York City, og spelte mellom anna på Don McLean-songen «American Pie». I 1973 byrja han ein solokarriere. I 1975 fekk han jobben som bandleiar og bassist i bandet til Bob Dylan, og spelte med Dylan på Rolling Thunder Revue-turneen. Han song og spelte på fleire Dylan-innspelingar.
Etter Dylan spelte han med ei rekkje andre artistar som Chris Spedding, Link Wray, Robert Gordon, Chuck Berry og Joni Mitchell.