Rolf Nordhagen (1894-1979)

Rolf Nordhagen

Fødd21. oktober 1894
Christiania
Død8. mars 1979
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkebotanikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
Oslo katedralskole
EktefelleElisabeth Marie Nordhagen
BarnPer Jonas Nordhagen, Rolf Nordhagen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Kungliga Vetenskapsakademien
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Rolf Nordhagen (21. oktober 18948. mars 1979) var ein norsk botanikar frå Oslo. Han er særleg kjend for sine studiar om korleis islandsvalmuen måtte ha overlevd istidene. Grafikaren Johan Nordhagen var faren hans, og fysikaren Rolf Nordhagen (1927-2013) var sonen hans.

Rolf Nordhagen tok examen artium ved Kristiania katedralskole i 1912 og vart cand.real. 1918 frå Universitetet i Kristiania. I tida 1915-20 var han assistent ved Arboretet og Botanisk hage ved Bergens Museum. Han var så stipendiat frå 1920. I 1922 vart han dr.philos. på ei avhandling om 'Kalktufstudier i Gudbrandsdalen'. Drog på studieferd til Marokko i 1923 og 1926.

Etter å ha undervist ved Norges landbrukshøgskoleÅs, var Nordhagen åra 1926-45 professor i systematisk botanikk og plantegeografi, samt styrar av Botanisk hage ved Bergens museum. Då den andre verdskrigen var over, flytta han og familien til Oslo. Sidan arbeidde han som styrar for Botanisk hage og Botanisk museum ved Universitetet i Oslo fram til 1964.