Rolf Widerøe | |||
| |||
Fødd | 11. juli 1902 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 11. oktober 1996 Obersiggenthal | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar | ||
Institusjonar | CERN Eidgenössische Technische Hochschule Zürich DESY | ||
Alma mater | Det tekniske universitetet i Karlsruhe RWTH Aachen | ||
Doktorgradsrettleiar | Walter Rogowski |
Rolf Widerøe (11. juli 1902–11. oktober 1996) var ein norsk norsk ingeniør og fysikar.
Widerøe konstruerte i 1928 den første lineærakseleratoren for positive ion. Denne nådde ikkje opp i energiar av praktisk interesse, til dømes i kjernefysikken, fordi det radiotekniske utstyret på det tidspunktet var for lite utvikla. Same år foreslo han betatronprinsippet som ein metode for å akselerere elektron, og då desse maskinene kom i bruk (etter 1940) deltok han i det vidare utviklingsarbeidet. Den første fungerande betatron i Europa vart bygd av Widerøe og medarbeidarane hans. Han var konsulent ved bygging av fleire større akseleratorar, mellom anna 30 GeV protonsynkrotronen ved CERN[1], og er kjent for arbeid innan strålingsfysikk. Han hausta òg stor internasjonal respekt for innsatsen sin for bruk av akseleratorar innan medisin. Widerøe vart heidra med mange prisar og æresdoktoratar.
I 1927 vart Widerøe dr.ing. ved Den tekniske høgskulen i Aachen og frå 1928 til 1931 var han tilsett ved AEG i Berlin. Frå 1933 til 1937 arbeidde han ved N. Jacobsens elektriske verksted i Oslo og frå 1937 til 1940 ved National Industri. Under krigen jobba han ved Norsk Elektrisk og Brown Boveri i Baden i Sveits, som han fortsette med etter krigen. I perioden frå 1953 til 1972 var han dessutan professor ved den tekniske høgskulen i Zürich.
Under andre verdenskrig dreiv Widerøe forsking i tysk teneste. Han fekk difor etter krigen eit førelegg der straffa blei sett til «bot til statskassen av kr. 5000, tap av stemmerett i offentlige anliggender, tap av retten til å gjøre tjeneste i rikets krigsmakt og inndragning av ulovlig fortjeneste kr. 120000».[2]
«Rolf_Widerøe» i Store norske leksikon, snl.no.