Ron Malo | |
Fødd | 29. august 1935 |
Død |
15. august 1992 (56 år) |
Yrke | audioingeniør |
Ronald «Ron» Clements Malo (29. august 1935–15. august 1992) var ein amerikansk lydteknikar som arbeidde ved Chess Studios i Chicago frå 1959 til 1970. Han var lydteknikar på dei første innspelingane til The Rolling Stones i Chicago i USA i juni 1964 på songar («It's All Over Now», «I Can't Be Satisfied», «Look What You've Done», «Around and Around», «Down the Road a Piece» etc.) som kom ut på albuma 12 X 5, The Rolling Stones, Now! and December's Children (And Everybody's).
Malo arbeidde med mange blues- og R&B-artistar som Bo Diddley, Etta James, Sonny Boy Williamson og Chuck Berry, i tilleggg til jazzartistar som Cannonball Adderley. Han arbeidde sidan med Muddy Waters, Howlin' Wolf, Buddy Guy og John Lee Hooker.[1] I 1970-åra arbeidde ha med Billy Joel og Bobby Goldsboro.