Roy Cicala

Roy Cicala

Fødd28. mars 1939
FødestadNew Haven
Død22. januar 2014 (74 år)
DødsstadSão Paulo
FødenamnRoy Joel Cicala
OpphavUSA
Verka somaudioingeniør, låtskrivar, musikkprodusent
Gift medLori Burton

Roy Joel Cicala (28. mars 193922. januar 2014) var ein USA-amerikansk produsent, lydteknikar, låtskrivar og musikar. Han har mellom anna vunne over 10 platinaplater for produksjon, skriving, lydteknikk og management for talent frå 1970-talet til 2014.

Roy Cicala vart fødd som Roy Joel Cicala i New Haven i Connecticut.[1] Sidan starten i 1968 i Record Plant Studios i New York spelte han inn og produserte nokre av dei største artistane i moderne musikk, inkludert Cab Calloway, John Lennon, Aretha Franklin, The Four Seasons, Madonna, Elvis Presley, Elton John, Bruce Springsteen, Sting, Frank Sinatra, Dire Straits, Jimi Hendrix, David Bowie, Harry Nilsson, Miles Davis, Chick Corea, Ray Charles, Queen, Aerosmith, Bon Jovi, Liza Minnelli, Roberta Flack, Patti La Belle, Van Morrison, Don McLean, The Who, Johnny Winter, Crosby, Stills, Nash and Young, Frank Zappa, Lou Reed, Prince, Santana, Sarah Vaughan, Charles Mingus og mange andre.

Cicala byrja å jobba som frilans lydteknikar i New York då han tok over Record Plant Studios og styrte store albumsuksessar som sjefslydteknikar. Han var lydteknikar på det første albumet som vart spelt inn i Record Plant Studios, Electric Ladyland med The Jimi Hendrix Experience, gjeve ut i 1968. Gjennom åra jobba han på hundrevis av album. I løpet av 1970-talet gav huslydteknikarane Shelly Yakus og Roy Cicala mange lokale band starten sin ved å donera studiotid og materiale til kommande artistar, lydteknikarar og produsera demobanda deira. I si tid på Record Plant var Cicala involvert i ei lang rekkje prosjekt, mellom anna gjorde han fjernarbeidet til konserten Live Aid i 1985. Record Plant vart lagt ned i 1989.

Cicala jobba for første gong med John Lennon like før The Beatles vart oppløyst i 1970. Cicala gjorde lydteknisk arbeid for Lennon og Ono på fleire album, mellom anna Imagine, Mind Games og Double Fantasy.

Utvald arbeid som lydteknikar og produsent
Utvald låtskrivararbeid
  • John Lennon: Incantation - 1974
Anna
  • John Lennon: Walls and Bridges: Strykarar og miksing
  • Johnny Rivers: «Secret Agent Man» - kjenningsmelodi for den amerikanske sendinga av den britiske serien Danger Man.

Cicala hadde jobba i Brasil sidan 1970-talet som lydteknikar og produsent. Han produserte og var manager for store artistar som Charlie Brown jr. på det nystarta Record Plant South. Han sat i det rådgivande styret for ein New York City-basert oppstartsbedrift grunnlagt av nevøen Craig Alberino.

  1. https://saplantstudio.wordpress.com Mal:Brukergenerated source