Roy Lynes | |||
Fødd | 25. oktober 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Redhill i Surrey i Storbritannia | ||
Fødenamn | Roy Alan Lynes | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | Klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | The Spectres, Traffic Jam, Status Quo, Statoz Quo | ||
Verka som | Musikar |
Roy Alan Lynes (fødd 25. oktober 1943)[1] var ein engelsk musikar som var klaverspelar[2] og stundom songar med Status Quo (opphavleg The Spectres og så Traffic Jam). Han kom inn i bandet i 1964/1965, to år etter det vart skipa.[3][4]
Han var med på dei tre førte albuma til Status Quo – Picturesque Matchstickable Messages from The Status Quo, Spare Parts og Ma Kelly's Greasy Spoon – og skreiv «To Be Free»,[5] b-sida til den andre singelen deira, «Black Veils of Melancholy».[6][7]
Lynes slutta i bandet i 1970,[8][9] og vart etter kvart erstatta av Andy Bown i 1977.[10]