Runnin' Blue

Runnin' Blue
Singel av The Doors
frå albumet The Soft Parade
B-side

«Do It»

Utgjeve 1969
Innspelt 1968
Sjanger Rock
Lengd 2:33
Selskap Elektra
Tekstforfattar Robby Krieger
Låtskrivar(ar) Robby Krieger
Produsent Paul Rothchild
The Doors-kronologi 
«Tell All the People»
(1969)
Runnin' Blue «You Make Me Real»/ «Roadhouse Blues»
(1970)


«Runnin' Blue» er ein song av det amerikanske rockebandet The Doors, det sjuande sporet på albumet deira The Soft Parade. I 1969 nådde det 64. plass på den amerikanske singellista.

Robby Krieger deler vokal med Morrison på songen, som ein av få songar før Morrison døydde.

Han er kjend for introduksjonen av Jim Morrison, ei hyllest til den nyleg avdøde Otis Redding:

Poor Otis, dead and gone
Left me here to sing his song
Pretty little girl with the red dress on
Poor Otis, dead and gone.

Teksten og melodien til denne korte acapella-introen var henta frå Lead Belly-songen «Po' Howard» (eller «Poor Howard» på somme samlingar) der Morrison erstatta 'Howard' med 'Otis'. Stundom vart introduksjonen spelt mot slutten av ein annan Doors-song, «When the Music's Over». Det er andre referansar til Otis Redding-songen «Sitting on the Dock of the Bay» gjennom denne songen.