Safe in New York City Singel av AC/DC frå albumet Stiff Upper Lip | ||
B-side |
«Cyberspace» | |
---|---|---|
Utgjeve | 28. februar 2000 | |
Innspelt | September – oktober 1999 | |
Studio | The Warehouse (Vancouver) | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 3:59 | |
Selskap | ||
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | George Young | |
AC/DC-kronologi | ||
«Stiff Upper Lip» (2000) |
Safe in New York City | «Satellite Blues» (2001)
|
«Safe in New York City» er ein song av det australske rockebandet AC/DC frå albumet Stiff Upper Lip frå 2000. Songen, som vart skriven av medlemmene og brørne Angus og Malcolm Young, vart gitt ut som singel den 28. februar 2000.[1][2] Han vart produsert av den eldre bror deira George og bandet.[1] Songen nådde 21. plassen på den amerikanske Billboard Mainstream Rock-lista.[3]
Videoen til songen, regissert av Andy Morahan,[4] viser bandet spela i ein travel tunnel i byen, omgitt av væpna politimenn. Promo-CD-singelen inneheldt ein liveversjon av songen, som vart spelt inn 13. september 2000 på America West Arena i Phoenix i Arizona. Denne liveversjonen vart seinare gjenutgitt ni år seinare i plateboksen Backtrack.
Låten fekk ny aktualitet etter 11. september-åtaka på World Trade Center i New York. Angus Young sa at sjølv om teksten opphavleg var meint å gjera narr av Rudy Giuliani sin påstand om at han hadde rydda opp på Manhattan: «er New York for meg ein by der du aldri kan føresjå kva som kjem til å skje.»[5] Låten vart seinare inkludert på 2001 Clear Channel-lista, ei liste over «lyrisk tvilsame» songar.
Alle songar er skrivne av Angus Young, Malcolm Young;[2] utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Safe in New York City» (LP-versjonen) | 3:59 |
2. | «Cyberspace» (ikkje på album) | 2:57 |
3. | «Back in Black» (A. Young, M. Young, Brian Johnson) (konsertopptak frå Plaza De Toros, Madrid)) | 4:07 |