Norges forsknings- og høyere utdanningsminister (2023–2024)
Sandra Konstance Nygård Borch (fødd 23. april1988) er ein norsk politikar for Senterpartiet. Ho var landbruks‑ og matminister 2021–2023, og forskings- og høgare utdanningsminister 2023–2024 i Regjeringa Støre.[1][2]
Frå 14. oktober 2021 til 4. august 2023 var ho landbruks‑ og matminister i Regjeringa Støre.[1][2] Den 4. august 2023 tok ho over som forskings- og høgare utdanningsminister.[5] Borch melde avgang den 19. januar 2024, og gjekk av den 23. januar, etter at det vart kjent at ho hadde plagiert 20 % av masteroppgåva si frå andre, tidlegare tekstar.[6][7]