Sarah Dawn Finer | |||
| |||
Fødd | 14. september 1981 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Adolf Fredriks församling | ||
Opphav | Sverige | ||
Aktiv | 2001– | ||
Sjanger | soul | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | Roxy Recordings | ||
Verka som | skodespelar, songar, låtskrivar, musikar, programleiar | ||
Mor | Francine Lee Mirro-Finer | ||
Far | David Finer |
Sarah Dawn Finer (fødd 14. september 1981 i Stockholm) er ein svensk songar, låtskrivar og skodespelar.
Finer deltok i den fjerde deltevlinga i Melodifestivalen 2007 med songen «I Remember Love». Ho gjekk vidare til finalen der ho enda på fjerdeplass.
To år seinare deltok ho i den fjerde deltevlinga i Melodifestivalen med songen «Moving On» og gjekk vidare til andresjansen. Frå andresjansen gjekk ho vidare til finalen der ho enda på sjetteplass.
I finalen i Eurovision Song Contest 2009 las ho opp røystene frå Sverige. I SVT-programmet Inför Eurovision Song Contest 2011 var ho ein av dei fem i juryen som forhandsgranska og diskuterte bidraga i Eurovision Song Contest 2011.
Våren 2012 var ho programleiar for Melodifestivalen saman med Helena Bergström og Gina Dirawi. Som pausenummer i den fyrste deltevlinga framførte ho «Hela Sveriges fest» saman med dei to andre programleiarane. I den fjerde deltevlinga framførte ho ein eigen versjon av songen The Hunter saman med Stenhammarkvartetten som pausenummer.