Selda Ekiz | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. november 1984 (40 år) Drammen kommune ![]() |
Yrke | programleiar |
Høgd | 158 centimeter |
Prisar | Gullruten for beste programleder |
Selda Ekiz på Commons |
Selda Ekiz (fødd 28. november 1984) er ein norsk fysikar og programleiar i NRK.
Ekiz er oppvaksen i Sande i Vestfold. Foreldra hennar innvandra frå Tyrkia i 1970-åra.[1] Ho er oppkalla etter den tyrkiske songaren Selda Bağcan.[2]
Selda Ekiz flytta heimanfrå for å ta vidaregåande på Skagerak International School. I 2011 tok ho mastergrad i fysikk frå Universitetet i Bergen,[3] og var der med på å starte opp vitskapsformidlingsgruppa «Fysikkshow Bergen».[4] Saman med Bjørn H. Samset la ho i 2015–2016 ut forskingspodcasten Vitendate.[5]
Ekiz har vore tilknytt NRK Trøndelag.[6] Frå 2011 til 2013 var ho programleiar for det populærvitskapelege ungdomsprogrammet Newton. For programmet vann ho Gullruten 2013 som beste kvinnelege programleiar, og vart nominert i same klasse under Gullruten 2012, i tillegg til publikumsprisen i 2013.[7] Hausten 2013 og hausten 2014 var ho programleiar for NRK Super-serien Barn ingen adgang.[8] Sidan 2013 har ho vore programleiar i kunnskapstevlinga Klassequizen på NRK TV.[9] Frå 2015 til 2017 var ho programleiar i den populærhistoriske realityserien Anno, som dramatiserte daglegliv for 250 år sidan, og sidan 2018 har ho saman med Ole Rolfsrud vore programleiar for TV-tevlinga Alle mot 1.[10][11][12] I 2019 mottok ho Mensa Norges pris for evna si til å senke terskelen for barns interesse for intellektuelle konsept, og å inspirere barn til å la nyfikenheit, vitskap og forsking vere ein del av kvardagen deira.[13]
I 2020 debuterte Ekiz som skodespelar i NRK sin dramaserie Norsk-ish, der ho spela gynekologen Helin og hadde ein stor del av dialogen på tyrkisk.[14][15] For Norsk-ish og Alle mot 1 vart ho nominert til publikumsprisen under Gullruten 2021.[16]
Frå 2008 har Ekiz også opptredd som stand-up komikar[17] og var ein av tre som vann «Urørt og Uhørt» under Den store Norske Humorfestivalen i 2008.[18][19]
Ekiz er sambuar og fekk sitt første barn våren 2021.[20] Ho var kjærast og sambuar med komikaren Gustav Nilsen frå 2010 til 2018.[21]